Bestill på DI SIDE

Du kan bestille premiuminnhald*, ekstra tv-boksar og Premium WiFi på Di side.
 
Du treng e-postadresse og passord for å logge inn.
 
Kanalane/kanalpakkane vert straks
tilgjengelege på tv-boksen/tv-boksane.
 
Bestilling av ekstra tv-boks og Premium WiFi må vi handtere
manuelt og sende utstyret til deg. 
 
 
___________________________________________________________________________________________________________
Slik gjer du det:
- Øvst i høgre meny på nettsida vår finn du innlogging til Di Side
- Logg inn med e-postadresse og passord*
- Når du er logga inn, vel "Breiband og Digital-TV" i toppmenyen
- Vel "Abonnement"   
Du får no opp all informasjon om abonnementet ditt
 
For å bestille Premiuminnhald
- Klikk på "Premiuminnhald"
- Klikk "Bestill" på den kanalapakken/kanalen du ønskjer å bestille
 
For å bestille ekstra tv-boks
- Klikk på "Ekstra TV boks"
- Klikk "Bestill"
 
For å bestille Premium WiFi (forsterkarar for å utvide trådlaus dekning i bustaden)
- Klikk på "Premium WiFi"
- Vel om du skal pakke med 1 eller 3 forsterkarar.
- Klikk "Bestill"
 
* Du må ha registert ein brukar for å logge inn med e-postadresse og passord. Dersom du ikkje har gjort det enno kan du klikke på linken "Registrer brukar" og følge instruksane.