Avtalevilkår

Her finn du avtalevilkår for digital-tv frå Tussa.

 
1 Definisjonar og omfang
1.1 Kunden blir kalla "Abonnenten", Get blir kalla "Leverandøren" og Tussa IKT blir kalla "Distributøren".
 
1.2 Desse vilkåra ("Vilkåra") gjeld for Leverandøren sine TV- og leigefilmtenester ("Tenesta").
 
1.3 Avtale om Tenesta kan berre bli inngått med myndig person. Distributøren kan avslå avtale om, eller endring av Tenesta, etter kredittvurdering. Tenesta si type og omfang kjem fram av produktark, godkjent bestillingsskjema eller ordrestadfesting frå Distributøren ("Ordrestadfestinga"). Ordrestadfestinga og Vilkåra utgjer avtalen for Tenesta ("Avtalen"). Dersom ikkje anna er skriftleg avtalt, gjeld 12 månader bindingstid for Tenesta.
 
1.4 Det er ein føresetnad for tilgang til Tenesta at Abonnenten har avtale om tilknyting til Distributøren sitt fibernett eller nettilknyting levert av Distributøren, enten direkte til husstanden eller gjennom bustadsamskipnad, at avtalen ikkje er misleghalden og at det ligg føre kapasitet og tilgang til å overføre Tenesta. Det gjeld eigne vilkår for tilknytinga til Distributøren sitt nett med internettilgang og telefoni. Dei til ei kvar tid gjeldande vilkår for Distributøren sine tenester er tilgjengelege på www.tussafiber.no 
 
1.5 "Utstyr" betyr dekodar, modem, programkort eller anna utstyr som tilhøyrer Distributøren, og som er utlevert Abonnenten.
 
1.6 "Vederlaget" betyr det Abonnenten skal betale for tilgang til og bruk av Tenesta og Utstyr.
 
1.7 "Abonnenten sitt Nett" betyr nett og utstyr på Abonnenten si side av grensesnittet mot Distributøren sitt nett, under dette også nett og utstyr eigd av bustadsamskipnad.
 
2 Levering og installasjon
2.1 Distributøren kan installere nødvendig Utstyr for Tenesta hos Abonnenten. Vederlag for installasjon og levering blir belasta etter dei til ei kvar tid gjeldande satsar. Dette gjeld også dersom angrerett blir brukt. Tenesta blir aktivert så snart leveransen er klargjort.
 
2.2 Distributøren tek atterhald om framføringsrett, spreidd eller lita tilslutning i området og andre forhold som gjer tilknyting eller leveranse av Tenesta vanskeleg, og er utan ansvar for manglande tilknyting, bortfall eller oppretthalding av Tenesta i slike tilfelle.
 
3 Pris, betalingsvilkår og endringar
3.1 Vederlaget blir berekna frå det tidspunktet Distributøren har aktivert Tenesta. Etableringsavgift og vederlag for installasjon og levering av Utstyr blir belasta i første faktura. Administrasjons- og fakturagebyr kjem i tillegg etter dei til ei kvar tid gjeldande satsar. Tenesta vert fakturert etter gjeldane faktureringsrutinar hos Distributør, og kravet kan bli fakturert saman med andre produkt frå same selskap.
 
3.2 Betaling av vederlag skal skje forskotsvis med månadlege terminar, dersom ikkje anna er skriftleg avtalt. Faktura blir sendt pr. post.
 
3.3 Betaling skal skje seinast ved betalingsfrist som oppgitt på faktura. Det blir ikkje gitt betalingsutsetjing. Ved forseinka betaling kjem morarenter, i samsvar med lov av 17.12.76 nr 100 og purregebyr i samsvar med lov av 13.05.88 nr 26, i tillegg.
 
3.4 Ved forseinka betaling kan Distributøren stenge Tenesta, som blir stengt til betaling er registrert hos Distributøren. Dette gjeld også ved forseinka betaling for andre tenester frå Distributøren, og ved forseinka betaling frå ev. bustadsamskipnad. Ubetalte krav blir sendt til KrediNor for inkassobehandling. Kunden vert belasta kostnadene. Abonnenten får ikkje frådrag i Vederlaget for den tida Tenesta har vore stengt. Dersom Tenesta blir stengt kan Distributøren leggje til gebyr for stenging og gjenopning.
 
3.5 Distributøren kan gjere endringar i Vederlaget og Vilkåra med varsel 1 månad på førehand. Varsling skjer i faktura eller på annan måte. Betaling eller bruk av Tenesta etter at endringa er gjort gjeldande, blir sett på som aksept. Dersom endringa er vesentleg har Abonnenten rett til å seie opp Tenesta med verknad frå då endringa tok til å gjelde. Dersom Tenesta blir sagt opp som følgje av vesentlege endringar, har Abonnenten rett til å krevje refundert ein høveleg del av førehandsbetalt Vederlag. Krav om refusjon må setjast fram skriftleg innan 1 månad frå endringa blei gjort gjeldande. Abonnenten er likevel pliktig til å betale det nye Vederlaget inntil Utstyret er levert tilbake til Distributøren.
 
3.6 Dersom Leverandøren blir pålagt nye eller auka offentlege skattar eller avgifter, private eller offentlege programavgifter, opphavsrettslege avgifter eller andre avgifter eller kostnader utanfor Leverandøren sin kontroll, kan Vederlaget bli endra med verknad frå iverksetjinga av pålegget.
 
3.7 Dersom endring av Tenesta medfører lågare Vederlag, vil tidlegare Vederlag gjelde ut fakturaperioden.
 
4 Abonnenten sine rettar og plikter
4.1 Abonnenten sitt Nett må til ei kvar tid tilfredsstille gjeldande reglar, og ein må ikkje kople til utstyr som ikkje er godkjent. Abonnenten er ansvarleg for at nett og utstyr ikkje gir forstyrringar i Distributøren sitt eller andre abonnentar sine nett.
 
4.2 Abonnenten er ansvarleg for alt utstyr, under dette både Utstyret og eige utstyr, som er nødvendig for å nytte Tenesta. Installasjon, service, endringar, oppgradering eller utskifting av slikt utstyr er Abonnenten sitt ansvar, også dersom dette skyldast nye tekniske standardar eller endringar Distributøren gjer i nettet sitt.
 
4.3 Abonnenten skal behandle Utstyret i samsvar med brukarrettleiinga. Det er ikkje tillate å gjere inngrep i Utstyret. Distributøren er ikkje ansvarlig for problem med bruk av Tenesta eller andre forhold som følgje av inngrep i, skadar på eller feilaktig bruk av Utstyret.
 
4.4 Utstyr som er installert i samsvar med Avtalen kan ikkje nyttast i næringsverksemd, og kan berre nyttast på, og ikkje fjernast frå, den adressa som er oppgitt i Ordrestadfestinga, eller som følgje av godkjent adresseendring. Abonnenten skal utan opphald gi melding om flytting til Distributøren.
 
4.5 Abonnenten skal sjå til at uvedkomande ikkje får nytte Utstyret eller får tilgang til Tenesta. Distributøren er ikkje ansvarleg for tap eller skade som direkte eller indirekte kan førast tilbake til uvedkomande.
 
4.6 Abonnenten er sjølv ansvarleg for at tenester som blir levert med personlege kodar, under dette passord og PIN-kodar ikkje blir misbrukt og må endre oppsette kodar til personlege kodar straks Tenesta blir teken i bruk. Abonnenten pliktar å betale for alle varer og tenester som blir bestilt eller blir bekrefta med eller utan personlege kodar. Kodar skal oppbevarast på forsvarleg vis slik at uvedkomande ikkje får tilgang til dei.
 
4.7 Utstyret er Distributøren sin eigedom og kan ikkje seljast, lånast ut eller på annan måte disponerast i strid med Avtalen. Abonnenten er ansvarleg for misbruk, tap eller skade på Utstyret og skal utan opphald varsle Distributøren om slike forhold. Abonnenten skal ha forsikring som dekkjer mogleg ansvar for Utstyret.
 
4.8 Transport av Utstyr til service, reparasjon, oppgradering eller innbyte er Abonnenten sitt ansvar, også dersom nye tekniske standardar gjer det nødvendig å oppgradere eller byte ut Utstyret.
 
4.9 Ved oppseiing, heving eller anna opphøyr av Tenesta skal Utstyret straks leverast tilbake til Distributøren. Dersom Utstyret ikkje blir levert tilbake kan Distributøren krevje erstatning. Vederlaget blir rekna inntil Utstyret er registrert tilbakelevert.
 
4.10 Abonnenten må ikkje forsere elektroniske sperrer, låsar, kodar eller på annan måte prøve å skaffe seg ugrunna tilgang til andre tenester, opplysningar, data, system eller anna som ikkje er meint for Abonnenten (jf. straffelova §§ 145 og 262). Abonnenten må heller ikkje nytte eller spreie informasjon som ikkje er berekna på Abonnenten. Abonnenten er ansvarleg for at mindreårige ikkje får tilgang til tenester, som på grunn av innhaldet sitt kan verke støytande eller skadeleg.
 
5 Leverandøren sine rettar og plikter
5.1 Leverandøren kan til ei kvar tid endre innhaldet i eller avslutte Tenesta. Vesentlege endringar kan bli gjennomført med varsel 1 månad på førehand. Endringar som skyldast forhold utanfor Leverandøren sin kontroll kan bli gjennomført umiddelbart.
 
5.2 Distributøren er ansvarleg for leveransen av Tenesta. Ved avbrot eller vesentlege forstyrringar i meir enn 2 virkedagar etter at Distributøren har motteke melding om feil frå Abonnenten, og som skyldast forhold Leverandøren eller Distributøren har ansvar for, kan Abonnenten krevje forholdsmessig frådrag i Vederlaget. Det blir ikkje gitt frådrag i etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av utstyr eller andre avgifter og gebyr. Abonnenten må omgåande melde feil til Distributøren.
 
5.3 Leverandøren og Distributøren er ikkje ansvarleg for avbrot eller forstyrringar som skyldast force majeure eller andre forhold som partane ikkje er herre over, t.d. arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, straumbrot o.a. Det blir ikkje gitt frådrag i Vederlaget i slike tilfelle eller ved avbrot eller forstyrringar som skyldast feil i Abonnenten sitt Nett eller feil eller skade gjort av Abonnenten eller nokon Abonnenten har ansvaret for. Ved slike feil blir Abonnenten belasta for serviceutrykking, ev. bestilt service.
 
5.5 Dersom Abonnenten flyttar, kan Avtalen berre bli oppretthalden dersom Distributøren kan levere Tenesta på den nye adressa og Abonnenten ikkje er i misleghald. Flytting kan føre til endra Vederlag.
 
5.6 Distributøren verken garanterer eller støttar nokon produkt, tenester, transaksjonar eller innhald som blir distribuert eller marknadsført via Tenesta, og har ikkje ansvar for dette. Det er Abonnenten sitt ansvar å sikre seg mot misbruk av kredittkort når dette blir nytta som betalingsmiddel.
 
6 Service og feilretting
6.1 Distributøren yter service og feilretting innanfor dei til ei kvar tid gjeldande opningstider, jf. www.tussafiber.no 
 
6.2 Ved servicebesøk er ikkje Distributøren ansvarleg for tapt arbeidsforteneste eller andre tap eller kostnader for Abonnenten.
 
6.3 Skyldast feilen Abonnenten sitt Nett, urett bruk eller uaktsemd hos Abonnenten eller andre forhold Abonnenten har ansvaret for, må Abonnenten sjølv koste service og feilretting.
Dersom feilen skyldast Abonnenten sitt inngrep i eller skadar på Utstyret, kan Distributøren i tillegg krevje eit gebyr, som må betalast før nytt Utstyr blir utlevert.
 
6.5 Service og oppgradering av Utstyr må berre bli utført av Leverandøren eller av autorisert reparatør godkjent av Leverandøren.
 
7 Oppseiing
7.1 Abonnenten kan seie opp Tenesta eller Avtalen med skriftleg varsel 1 månad på førehand, rekna frå utløpet av den månaden oppseiinga kom fram til Distributøren.
 
7.2 Dersom Abonnenten seier opp før bindingstida har gått ut, blir Vederlaget og andre avgifter og gebyr belasta ut bindingstida i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande satsar. Dette gjeld ikkje dersom Abonnenten seier opp som følgje av at Distributøren gjer vesentlege endringar i Tenesta sitt innhald (5.1) eller endrar prisar eller vilkår vesentleg til Abonnenten sin ugunst (3.5), utan at dette skyldast forhold utanfor Leverandøren sin eller Distributøren sin kontroll (3.6). Dersom Abonnenten flyttar til ei adresse der Tenesta ikkje kan oppretthaldast, blir Abonnenten belasta med eit gebyr for brot på bindingstida.
 
7.3 Distributøren kan seie opp Tenesta eller avtalen med varsel 1 månad på førehand. Ved vesentleg endring av forhold utanfor Distributøren sin kontroll kan Distributøren seie opp med verknad på dagen.
 
7.4 Det blir ikkje gitt refusjon for Etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av Utstyr eller andre avgifter eller gebyr ved oppseiing eller stenging. Abonnenten kan ved gyldig oppseiing krevje refundert ein høvesvis del av førehandsbetalt Vederlag, etter reglane i pkt. 3.5.
 
8 Misleghald frå Distributøren si side
8.1 Avvik i tenestekvalitet, eksempelvis ved forstyrringar, brot i leveransen eller andre forhold som fører til at Abonnenten ikkje mottek tilstrekkelege signal, blir sett på som ein mangel ved Tenesta. Dette gjeld ikkje dersom avviket skyldast Abonnenten, Abonnenten sitt Nett eller andre forhold Abonnenten har ansvaret for. Distributøren kan ikkje levere betre kvalitet enn det som følgjer av standarden på netta og kvaliteten på mottekne signal, og er ikkje ansvarleg for forstyrringar eller dårlegare kvalitet grunna slike forhold. Distributøren skal bli varsla omgåande dersom Abonnenten vil gjere gjeldande at Distributøren ikkje har oppfylt pliktene sine etter Avtalen.
 
8.2 Ved vesentlege misleghald frå Distributøren si side kan Abonnenten heve Avtalen.
 
8.3 Abonnenten kan krevje erstatning for direkte økonomiske tap han får, som skyldast mangel ved Tenesta. Dette gjeld likevel ikkje så lenge Distributøren godtgjer at mangelen skyldast hindring utanfor hans kontroll, og som han ikkje med rimelegheit kunne ventast å ha teke i betraktning på avtaletidspunktet eller å unngå eller overvinne følgjene av.
Indirekte tap, avleia skadar/tap eller følgjeskader/tap blir ikkje erstatta i nokon tilfelle. Distributøren er heller ikkje ansvarleg for skade på Abonnenten sin person, tredjeperson eller gods. Distributøren sitt samla erstatningsansvar er i eitkvart tilfelle avgrensa til Vederlaget for 1 månad.
 
9 Misleghald frå Abonnenten si side
9.1 Ved vesentleg misleghald av Avtalen eller andre avtalar med Distributøren frå Abonnenten si side, kan Distributøren stenge Tenesta, ikkje oppdatere programkortet eller kople frå tilknytinga til Distributøren. Slik stenging kan skje straks og utan varsel. Vesentleg misleghald gir også Distributøren rett til å heve Avtalen. Det same gjeld dersom ev. bustadsamskipnad er i vesentleg misleghald overfor Distributøren.
 
9.2 Som vesentleg misleghald blir rekna t.d. ulovleg inngrep i eller bruk av Utstyr, piratkopiering av kort, brot på eit eller fleire av vilkåra i punkta 4.1 – 4.10, og 15, brot på offentlege reglar, misbruk eller forsøk på misbruk av Tenesta eller reglar for Tenesta, usømeleg åtferd, sjikane eller liknande. Betalingsmisleghald utover 14 dagar blir også rekna som vesentleg misleghald.
 
9.3 Dersom Distributøren hevar Avtalen, er Abonnenten forplikta til å betale alle forfalne og ikkje forfalne fakturaer, samt tilkomne Vederlag, avgifter og gebyr som ikkje er fakturert på hevingstidspunktet. I tillegg kjem avgift og gebyr for ev. henting av Utstyr, brot på bindingstid, erstatning for Utstyr eller anna tap ført på Distributøren, samt eventuelle renter og inkassogebyr.
 
9.4 Distributøren har etter at Tenesta er stengt, eller Avtalen er heva, rett til å nekte Abonnenten eller andre i Abonnenten sin husstand eller bufellesskap ny Avtale eller tilgang til Tenesta.
 
10 Overdraging
10.1 Abonnenten kan ikkje overdra Avtalen, Tenesta eller Utstyret til andre.
 
10.2 Distributøren kan overdra sine rettar og plikter etter Avtalen utan samtykke frå Abonnenten.
 
11 Behandling av personopplysningar
11.1 Informasjon om korleis Distributøren behandlar personopplysningar, formålet med behandlinga, kva personopplysningar som blir behandla, Abonnenten sitt personvern og innsynsrett, Distributøren si teieplikt, m.m. er tilgjengeleg på www.tussafiber.no eller ved å vende seg til Distributøren sitt kundesenter. Abonnenten kan reservere seg mot å bli kontakta av Distributøren med siktemål for marknadsføring.
 
12 Brukarrestriksjonar
12.1 Leverandøren og Distributøren har rett til å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i Tenesta som blir sett på som nødvendig av tekniske, driftsmessige, vedlikehaldsmessige eller andre årsaker.
 
12.2 I naudsituasjonar, under dette force majeure, alvorlege truslar mot helse, sikkerheit eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streik eller lockout, samt ved alvorleg fare for sabotasje mot nett eller tenester, har Leverandør eller Distributør rett til å gjennomføre avbrot eller avgrensingar i Tenesta.
 
12.3 Abonnenten kan i slike tilfelle ikkje krevje høvesvise frådrag i Vederlaget og Distributøren er utan ansvar for ev. tap eller kostnader som Abonnenten måtte bli påført.
 
13 Angrerett
13.1 Ved kjøp av tenester og varer utanfor fast utsalsstad (oppsøkjande sal, messer o.l.) eller ved fjernsal (kjøp via web eller aktivt oppsøkjande telefonsal mm), har Abonnenten angrerett i samsvar med lov om angrerett av 21.12.2000 nr. 105.
 
14 Tvisteløysning
14.1 Tvistar skal søkjast løyst i minnelegheit. Dersom partane ikkje kjem til semje kan tvisten bli brakt inn for ev. klageorgan eller dei alminnelege domstolar ved saksøkte sitt verneting.
 
15 Særskilte vilkår for digital-tv
15.1 Abonnenten kan berre bruke Utstyret til private, ikkje-kommersielle formål innanfor husstanden.
 
15.2 Ved Pay Per View er Abonnenten pliktig til å betale for bestilt teneste, sjølv om sendinga (film, sport, e.l.) fell bort, med mindre bortfallet skyldast Leverandøren.
 
15.3 Programkort, PIN-kode og Årsavgift
 
15.3.1 Programkortet med tilhøyrande PIN-kode gir Abonnenten tilgang til Tenesta. Abonnenten kan berre nytte programkortet saman med det Utstyr som er registrert på Abonnenten.
 
15.3.2 Ved tap eller skade på programkort som skyldast Abonnenten, blir Abonnenten belasta eit gebyr for nytt programkort.
 
15.3.3 Årsavgifta blir belasta Abonnenten i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande satsar, og skal dekkje programkortadministrasjon, etablering/vedlikehald av dekodaren og oppdatering av Elektronisk Program Guide (EPG).
 
15.3.4 Programkortet blir oppdatert når innbetaling av Vederlag og Årsavgift er registrert hos Distributør seinast ved forfall. For oppdatering må Utstyret vere slått på og programkortet sett inn.