Telia Play - nett-tv og app

 

SJÅ TV PÅ ALLE SKJERMAR

Ikkje gå glipp av dei store tv-augneblikka anten du er heime, på hytta eller på farten. Gjer eit seriedykk i HBO Nordic, eller følg favorittlaget ditt i Eliteserien. Og skulle bilturen bli litt for lang, finn du eit heilt univers med underhaldning for barna.
 
Med TELIA PLAY har du tilgang til dei fleste kanalar og tenester som du har valt i tv-pakken din.
 

 

 

 

 

 

Klikk på videoen

for å få vite meir om Telia Play

 
 
 

MED TELIA PLAY FÅR DU:

  • Direktesendt tv frå dei kanalane du har valt i tv-pakken din, og komplett tv-guide
  • Bingewatching - når du er ferdig med ei episode frå ein serie startar den neste automatisk
  • Eit utval nye og klassiske kvalitetsseriar frå HBO Nordic (du må velje inn tenesta i tv-pakken din)
  • Program frå tv-arkiv inntil 30 dagar etter at dei vart sendt på tv
  • Eit univers av underhaldning for barna som dei kan sjå når dei vil
  • Søk som hjelper deg å finne akkurat det innhaldet du er ute etter
  • Telia Play for Apple TV 4, PC/Mac og mobil/nettbrett kan du ta med deg overalt

 

Dette er Telia Play:

APPLE TV 4
PC OG MAC
NETTBRETT OG MOBIL
App for Apple TV 4.
Strøymeteneste/nett-tv.
 
App for mobil og nettbrett.
 
 

For å sjå digital-tv via app på Apple TV 4, nettbrett og mobiltelefon treng du:

  1. Digital-tv frå Tussa/Telia
  2. Nettbrett/mobiltelefon (iOS eller Android), Apple TV 4
  3. Internett-tilgang
    MERK! Du betalar sjølv for datatrafikken dersom tenesta vert brukt utanfor heimenettverket.
NB! Appen er tilgjengeleg for iOS10 og Android 4.2 og nyare. Apple TV 4.
 

   

 

 

For å sjå digital-tv på PC/MAC via nett-tv treng du:

  1. Digital-tv frå Tussa/Telia
  2. PC eller MAC
  3. Internett-tilgang
    MERK! Du betalar sjølv for datatrafikken dersom tenesta vert brukt utanfor heimenettverket.
 
 

Kom i gang med Telia Play:

(Berre første gong du tek i bruk strøymetenesta eller app-en på nettbrett/mobil)
MERK! Du brukar same brukarnamn og passord for innlogging på PC/Mac, Apple TV, nettbrett og mobil.
  1. Last ned app-en (gjeld mobil/nettbrett/Apple TV) eller gå til https://teliaplay.no (nett-tv)
  2. Klikk på GLEMT PASSORD
  3. Skriv inn e-postadresse eller mobilnummer (du må bruke det som er registrert hos Tussa)
  4. Klikk SEND
  5. Har du valt å motta SMS får du tilsendt ei 4-sifra kode på SMS frå Telia. Har du valt link i e-post får du tilsendt e-post med link til å velje passord. Legg inn det passordet du vil ha.
  6. Bruk mobilnummer eller e-postadresse og passordet du har valt for å logge inn på appen NB! Viktig at du brukar mobilnummer eller e-postadressa som er registrert hos Tussa
    (Dei andre einingane i husstanden må også bruke same brukarnamn og passord. To einingar kan vere pålogga til ei kvar tid)