MTV Play-app

Som digital-tv-kunde hos Tussa/Get får du tilgang til MTV sin eigen app, MTV Play, utan ekstra kostnad. Appen inneheld alle MTV sine program - tilgjengeleg berre 24 timar etter premieren i USA.

For full tilgang til alt innhaldet i MTV Play må du oppgradere til Premium inne i appen. Get-kundar har tre gratis premiumoppgraderingar i MTV Play knytt til sitt kundenummer*.
 
*Kundenummer som skal brukast til innlogging er det kundenummeret du har fått dersom du har lasta ned og teke i bruk Get sin TV-app. Dersom du ikkje har eit slikt kundenummer kan du klikke på linken under og få tilsendt kundenummer og passord på SMS. NB! Du må taste inn mobilnummer som er registrert hos Tussa!
 
 
 
Kven har tilgang til tenesta:
  • Appen er fritt tilgjengeleg dersom du er digital-tv-kunde hos oss og har ei Get HD-boks.
  • Tenesta er tilgjengeleg på iOS og Android
  • Tenesta er tilgjengeleg også utanfor heimen (må vere tilkopla internett)
 
Korleis aktivere tenesta:
  • Søk etter MTV Play i App store eller Google Play. 
  • Last ned appen
  • Klikk på meny-ikonet øvst til venstre i velkomstbildet
  • Klikk på "REGISTER"
  • Vel "FREE WITH YOUR OPERATOR"
  • Vel "GET"
  • Vel eit av alternativa "REGISTER WITH FACEBOOK" eller "REGISTER WITH E-MAIL"
  • Tast inn brukarnamn og passord*
* Brukarnamn og passord har du fått tilsendt frå Get dersom du har lasta ned og nyttar Get sin TV-app. Dersom du ikkje har eit slikt brukarnamn og passord kan du få det tilsendt på SMS ved å klikke på linken under. NB! Du må nytte det mobilnummeret som er registrert hos Tussa!
 
 
 
Last ned appen frå App Store eller Google Play:
 
    
 
 

 Sjå bilder av detaljert rettleiing for å komme i gang her!