E-postfaktura og SMS-faktura

  • Faktura tilsendt på e-post og SMS
  • Betaling skjer på same måte som med ordinær giro
  • E-posten og SMS inneheld nødvendig betalingsinformasjon og link til Di side for spesifisert fakturainformasjon
  • Kan kombinerast med AvtaleGiro
Det er enkelt å gå over til e-postfaktura! Logg deg inn på Di side til høgre i menyen. Når du er innlogga vel du menyen "Faktura". Klikk på ikonet for e-postfaktura og følg instruksane.
 
Har du ikkje e-post kan du bestille berre SMS-faktura - kontakt kundesenteret.
 
 

eFaktura må du bestille i nettbanken din

  • Link for bestilling på Di side
  • Faktura kjem i nettbanken din
  • Fakturaen vert lagt til betaling når du har godkjent han
  • Detaljert faktura finn du på Di side Kraft via link i nettbanken
  • Kan kombinerast med AvtaleGiro
Når du inngår avtale om eFaktura kan du velje å motta eit varsel på e-post eller sms når ein ny eFaktura er tilgjengeleg i nettbanken. Du må godkjenne fakturaen i nettbanken før konto vert belasta.
 
 
 

Digipost

For informasjon om registrering av Digipost, sjå www.digipost.no. Har du registrert deg med Digipost og ikkje har valt E-postfaktura, SMS-faktura eller eFaktura, vil du automatisk få Digipost som betalingsmåte hjå oss.
 
 

AvtaleGiro

AvtaleGiro opprettar og avsluttar du i nettbanken, eller ved å kontakte banken din. Giro vert sendt direkte til banken for automatisk trekk. Du får betalingsvarsel tilsendt på papir eller elektronisk, som vanleg. For at betalinga skal bli utført må du sjå til at der er pengar på konto den dagen det er forfall.
 
 
 

Fakturagebyr for papirfaktura

For alle som framleis ønskjer å motta faktura på papir, vil det bli lagt til eit gebyr på kr 49,- inkl. mva. for produksjon og utsending av fakturaen.
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300