Utstyr

 
Breibandstelefoni krev at du har tilgang til breiband (levert frå Tussa) og ein analog telefon. ISDN-telefon kan ikkje nyttast.
 
Skulle du få problem med breibandstelefoni, ver vennleg å følgje denne prosedyren før du ringjer kundesenteret:
    - Sjekk at alle kablar og kontaktar er heile, og at kablar er tilkopla.
    - Slå av ruteren og alle andre noder i nettverket t.d. trådlausbaser, PC-ar og ruterar.
    - Dra ut alle LAN/data-kablar.
    - Start ruteren og vent 3-4 minutt.
    - Sjekk deretter om du får ringje inn/ut på telefonen.
    - Viss du får det, slå av anna utstyr som PC-ar, ruterarar osb. Set i ein og ein LAN/data-kabel og start opp    
      utstyret. Vent til eininga er komen opp og har vore oppe nokre minutt før du startar neste eining.