Nytt eller gammalt telefonnummer?

Ved bestilling av Tussa Breibandstelefoni må du ta stilling til om du vil behalde det telefonnummeret du allereie har, eller om du vil ha nytt telefonnummer.
 
Ønskjer du å behalde telefonnummeret ditt, tek Tussa ansvar for å portere det. Dette kostar 100 kr per nummer. Om du ikkje har hatt fasttelefon tidlegare, eller ønskjer nytt telefonnummer, får du dette tildelt frå Tussa. Dette medfører ingen kostnader.
 
Viktig informasjon:
Dersom du skal behalde telefonnummeret ditt, skal du ikkje seie opp telefonabonnementet du har med den noverande leverandøren din.
 
Dersom du ikkje ønskjer å behalde telefonnummeret ditt, men ønskjer nytt nummer frå Tussa, må du seie opp telefonabonnementet du har med den noverande leverandøren din. Les meir om dette i avtalevilkåra pkt. 3.2