(30.08.2017)
 

Viasat lanserer Viasport

Måndag 4. september lanserer Viasat fire nye sportskanalar under merkenamnet Viasport.

Dei tidlegare kanalane Viasat Sport, Viasat Motor, Viasat Hockey og Viasat Fotball går ut, og Viasport+, Viasport 1, Viasport 2 og Viasport 3 ser dagens lys. På Viasport-kanalane finn du eksklusive, internasjonale sportsrettigheiter, og til saman utgjer desse fire kanalane den råaste sportspakken i landet.
 
Viasport har eksklusive rettigheiter til dei aller største idrettane i verda, blant anna:
  • Fotball (UEFA Champions League, La Liga, Serie A, Ligue 1, Championship, FA-Cup, Ligacup, Æresdivisjonen og privatlandskampar)
  • Hockey (NHL)
  • Motorsport (Formel 1, Moto GP, NASCAR, V8 Supercars)
  • Handball (EHF Champions League, tysk Bundesliga herrer)
  • Amerikansk fotball (NFL)
Prisen på Viasatpakkane forblir uendra. Viasat Premium kr 399,- pr. md. Viasport kr 349,- pr. md.
 
NB! Kanalen Viasport+ (tidlegare Viasat Sport) kan du velje inn i startpakken din utan ekstra kostnad (5 poeng). Vel kanalen inn i Start ved å nytte kanalveljaren på Di side.
 
 
Frå 4. september vil du på www.viasport.no eller med Viasport-appen finne ein oversiktleg TV-guide.