(10.01.2019)
 

Viacom avvikler Comedy Central

Comedy Central er ikkje lenger tilgjengeleg som lineær tv-kanal. Innhald frå kanalen vert flytta til strøymetenesta Paramount+ som du kan velje inn i startpakken din.

Viacom som står bak merkevara Comedy Central har lagt ned kontoret sitt i Noreg. Som ein konsekvens av dette blei kanalen Comedy Central avvikla som lineær tv-kanal frå 31.12 2018.
 
Viacom ønskjer ei sterkare satsing på det digitale tilbodet sitt og skal investere meir i støymetenesta Paramount+. Mykje av innhaldet frå Comedy Central vil difor vere å finne i Paramount+.
 
Alle Get-kundar kan velje inn Paramount+ i startpakken sin for 10 poeng. For å velje inn strøymetenesta i START må du logge inn på Tussa Di side (øvst til høgre) og nytte Get kanalvelger som du finn i menyen under Breiband og digital-tv.