(18.09.2018)
 

TV 2 Sportskanalen skiftar namn til TV 2 Sport 2

 
Frå tysdag 18. september kl. 18 gjer TV 2 endringar i kanalstrukturen sin:
  • TV 2 Sportskanalen endrar namn til TV 2 Sport 2. Kanalen finn du på kanalplass 23 (same som
    TV 2 Sportskanalen hadde)
  • TV 2 Sport Premium 3 vert avvikla og blir fjerna frå TV 2 Sport Premium-pakken
  • TV 2 lanserer ein ny kanal som heiter TV 2 Sport 1, denne får kanalplass 122 (same som 
    TV 2 Sport Premium 3 hadde)
 
Vel inn TV 2 Sport 2 + TV 2 Sport 1 i startpakken din
Dersom du vel inn TV 2 Sport 2 (tidlegare TV 2 Sportskanalen) i START, får du også automatisk tilgang til den nye kanalen TV 2 Sport 1. Dvs. at du no får begge kanalane i startpakken din for 5 poeng.
 
Har du allereie valt inn TV 2 Sportskanalen i START treng du ikkje gjere noko, då får du automatisk tilgang til både TV 2 Sport 2 og TV 2 Sport 1.
 
TV 2 Sport Premium-pakken blir redusert til 2 kanalar (TV 2 Sport Premium og TV 2 Sport Premium 2), innhaldet i pakken blir det same, berre fordelt mellom 2 kanalar i staden for 3. TV 2 Sport Premium-pakken kostar 449,- pr. md.
 
 
 
Litt om innhaldet i dei forskjellige kanalane:
 
TV 2 Sport 1
Her finn du i hovudsak fotball med kampar frå Champions League, Nations League, Europa League og Tippekampar frå Premier League på laurdagar kl. 16.00 (samsending med TV 2 Sport Premium).
 
TV 2 Sport 2
Her finn du ishockey, handball og internasjonale sykkelritt.
 
Meir informasjon om endringane til TV 2 og fotballhausten finn du her: www.tv2.no