(01.02.2017)
 

Tussa lanserer nytt trådlaust produkt

Tussa lanserer Premium Wifi, ei løysing som skal gi betre stabilitet og kapasitet på det trådlause nettet.

Norske breibandskundar har høge forventningar til det trådlause nettet. Hos dei fleste vil vanleg modem fungere godt, men enkelte kan oppleve at det trådlause nettet ikkje har den kvaliteten som dei ønskjer. Problema kan ha mange årsaker, plassering av modem, stort hus, mange einingar tilkopla nettet, gamle einingar som dreg ned farta på nettet, eller eksterne forstyrringar frå til dømes andre nett.
 
- Då kan Premium Wifi vere ei løysing. Ved å setje fleire boksar inn i huset får kundane eit meir stabilt nett og betre dekning, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

 

Support av Tussa

Premium Wifi består av tre boksar som blir plassert på strategiske stader i huset. Via ein app kan kunden sjølv følgje med på kva einingar som er tilkopla nettet, og kva hastigheit dei har. I tillegg vert Premium Wifi supportert av Tussa.
 

Gode tilbakemeldingar

Løysinga har fått gode tilbakemeldingar frå dei 80 kundane som allereie har testa produktet.
 
- Responsen frå kundane er at løysinga gir høg kapasitet og god dekning i huset. Mange set pris på tilleggsfunksjonar, som til dømes moglegheita for å setje opp eige gjestenett. Andre er godt fornøgde med at Tussa kan kople seg opp og drive support på løysinga, seier Driveklepp.