(27.01.2017)
 

Tussa doblar farta

I februar skrur Tussa opp farta på fiberen, og kundane får dobbel hastigheit utan at prisane aukar.

- Vi ser at behovet for internettkapasitet aukar sterkt hos kundane. Fleire og fleire einingar i husstanden blir kopla opp mot internett, og fleire og fleire tek i bruk strømmetenester. Difor møter vi no eit ønske frå mange av kundane våre, og skrur opp farta, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Oppkoplinga av fleire einingar på nettet og auken i bruk av strømmetenester vil halde fram. Driveklepp seier at dei nye hastigheitene vil leggje forholda godt til rette for ei slik utvikling for kundane.
 
Slik blir dei nye hastigheitene 
Tussa har i løpet av dei siste 8 åra bygd ut fiber i alle kommunane på søre Sunnmøre, og over 7 000 kundar har tatt i bruk den nye teknologien. I dag tilbyr Tussa hastigheiter opp mot 500 Mbit. Dei nye hastigheitene blir som følgjer: Dei som har hastigheit mellom 25 og 200 Mbit får dobbel hastigheit, medan dei kundane som i dag har 200 Mbit får auka hastigheita til 300 Mbit.
 
Dei nye hastigheitene blir innført fortløpande frå 1. februar 2017.