(26.01.2017)
 

Tippekampen er tilbake!

TV 2 og Get har inngått avtale som sikrar Get sine kundar ein fast kamp frå engelsk Premier League kvar laurdag. Dermed er Tippekampen tilbake på norske tv-skjermar frå laurdag 4. februar - i alle fall hos Get . Det har gått 18 år sidan sist engelsk fotball gjekk fast på ein open kanal i Noreg.

Tippekampen er tilbake_dokumentbilde.png
Denne vinteren og våren gjer Get ei rekkje endringar i tv-tilbodet sitt. Dei vil løfte fram og gjere norsk underhaldning, seriar, filmar og ikkje minst sport tilgjengeleg på ein måte som ikkje har vore gjort før. Relanseringa av Tippekampen er ein viktig del av denne satsinga på premium sport. I tillegg blir Eliteserien med alle sine kampar tilgjengeleg for Get-kundane frå 1. april.
 
Fakta om Tippekampen
Allereie 4. februar vert ballen sparka i gong mellom eit Liverpool-lag på medaljejakt og Hull med potensielt 3 nordmenn på banen. Deretter kjem spennande Tippekampar som perler på ei snor. 11. februar kan du sjå Manchester United - Watford, og laurdag 25. februar er det Southampton - Arsenal.
 
Tippekampen vert sendt på TV 2 Sportskanalen som har kanalplass 23 på Get-boksen. Kanalen er også tilgjengeleg via Get TV-app på nettbrett og mobil.
 
Hugs at du kan velje inn TV 2 Sportskanalen i Start-pakken din dersom du ikkje har den tilgjengeleg i dag. Dette gjer du anten via kanalveljaren på Di side, eller via fjernkontrollen (gjeld dei kundane som har Get Box II med aller siste programoppdatering). Å velje inn kanalen i Start-pakken din er gratis!
 
 
 
 
No får du alle TV 2 sine kanalar i Get-appen når du er på farten
Get og TV 2 gjekk i januar inn ei langsiktig samarbeidsavtale. Tippekampen er eit av ledda i dette samarbeidet. I tillegg er alle TV 2 sine kanalar tilgjengeleg i Get-appen også når du er utanfor ditt eige heimenettverk. Før var det berre mogleg å sjå TV 2 via app-en når du var kopla til eige heimenettverk.
 
Du kan vente deg fleire lanseringar og nyvinningar i tida som kjem
2017 blir eit spennande år å vere Get-kunde. I januar opna Get stort sett alt innhaldet sitt i ein heil månad. I februar lanserer dei Tippekampen der du fritt kan sjå Premier League kvar laurdag kl. 16. Og i april blir alle kampar i Eliteserien og OBOS-ligaen tilgjengeleg. Get lovar at det ikkje sluttar her. Dei neste vekene og månadane vil det kome ei rekkje nye tenester i samarbeid med samarbeidspartnarane deira. Det er berre å glede seg!