(19.12.2018)
 

Nordisk Film+, ny strøymeteneste i START

No får du det beste av norsk og nordisk film inkludert i startpakken din. I tillegg får du internasjonale storfilmar spesielt utvalgt for eit norsk publikum.

Nordisk Film+ er namnet på Nordisk Film si nye strøymeteneste som viser dei beste norske og nordiske filmane saman med internasjonale storfilmar. Du kan velje inn strøymetenesta i startpakken din ved å nytte 10 poeng.
 
Ved lansering 17. desember låg 200 forskjellige filmar klare. Framover vil innhaldet i tenesta kontinuerleg endre seg og by på nye opplevingar. Kvar veke vil tenesta få tilført nye titlar.