(08.03.2017)
 

Get lanserer barnearkivet Disney Channel Xtra

Disney Channel Xtra er Get sitt eige barnearkiv med innhald frå dei 3 Disneykanalane; Disney Channel, Disney Junior og Disney XD.

Barnearkivet Disney Channel Xtra får du kostnadsfritt dersom du vel inn dei 3 Disneykanalane (Disney-pakken) i startpakken din. Arkivet inneheld mange serie- og filmfavorittar frå dei 3 populære barnekanalane.
 
Barnearkivet er tilgjengeleg både på boksen og i Get TV app på mobil og nettbrett. Dermed kan barna sjå sine favorittar når dei vil, kvar dei vil.

 

Vel inn Disney-pakken i Start

Du kan enkelt velje inn Disney-pakken i startpakken din via kanalveljaren på Di side. Du brukar 3 kanalplassar (3 poeng) av dei plassane du har tilgjengeleg i Start.
 
Du finn arkivet i Filmleige/Play på fjernkontrollen din under eigen kategori Barnearkiv - Disney Channel Xtra.