(25.01.2018)
 

Get har lansert to nye kanalar

Kanalane Auto motor og sport, og Yle 1 har blitt lansert. Begge kanalane kan veljast inn i startpakken (1p).

Auto motor og sport er ein ny kanal som sender bil- og motorprogram 24 timar i døgnet. Den norske utgåva av Auto motor og sport er best på testar og reportasjar om dei nyaste bilmodellane i Noreg.
 
På kanalen finn du mellom anna programmet "Garasjen" med Asgeir Borgemoen, ei serie som følgjer ulike bilentusiastar på vegen mot målet sitt. Kanskje er målet til deltakarane å få ein baneklar BMW til deltaking på drifting-NM på Rudskogen, å stille ut sin totalrenoverte hotrod på Grensetreff i Halden, eller rett og slett å byggje ein bil som er feitare enn naboen sin.
 
Er du ein skikkeleg bilentusiast kan du sjekke ut den nye kanalen Auto motor og sport ved å velje den inn i startpakken din (1 poeng).
 
Du finn kanalen på kanalplass 75 på Get-boksen din!
 
 
Yle1 er Finland sin største tv-kanal. Kanalen sender i hovudsak nyheiter, dokumentarar og utdanningsprogram på finsk. I november 2017 hadde kanalen ein marknadsandel på 28,7 prosent i det finske tv-markedet.
 
Yle1 kan du fritt velje inn i startpakken din (1 poeng).
 
Du finn kanalen på kanalplass 49 på Get-boksen din.
 
 
HUGS at du kan velje inn tenester og kanalar i startpakken din så ofte du vil utan ekstra kostnad ved å nytte kanalveljaren på Di side.