(18.12.2018)
 

Fatstone endrar namn til Norway Live

Sportskanalen Fatstone blir til Norway Live frå 18. desember. Kanalen endrar i tillegg også konsept til actionsport og utandørs opplevingar.

Norway Live vil som Fatstone fortsatt vere ein norsk nisjekanal som fokuserer på actionsport og utendørs opplevingar. Kanalen vil sende live 24 timar i døgnet og by på sakte-tv, live ekspedisjonar, sportsarrangement og eventer.
 
Du finn kanalen på kanalplass nr. 80.
Kanalen kan du enkelt velje inn i startpakken din ved å nytte kanalveljaren på Tussa Di side.
 
Du kan lese meir om konsept og sendeskjema på www.norwaylive.tv