(16.03.2017)
 

Curio; ny i Get Filmleige/Play

Er du nysgjerrig? Med tenesta Curio får du tilgang til meir enn 200 timar med internasjonale kvalitetsdokumentarar og naturprogram.

Du kan velje inn tenesta i startpakken din utan ekstra kostnad.

Her finn du alt frå historie, kultur og teknologi til natur og miljø.
 
Dersom du ønskjer å ha filmleigetenesta Curio kan du enkelt velje den inn i startpakken din via kanalveljaren på Di side. Du brukar 5 kanalplassar (5 poeng) av dei plassane du har tilgjengeleg i Start.
 
Du finn Curio under Filmleige/Play på fjernkontrollen din.
 
Tenesta er tilgjengeleg frå 1. april!