(04.06.2019)
 

Avvikling av Discovery World og Discovery HD Showcase

Frå og med 1. juli 2019 legg Discovery ned kanalane Discovery World og Discovery HD Showcase.

Kjem du til å sakne programma frå Discovery World og Discovery Showcase kan vi anbefale desse kanalane som gode alternativ:
  • BBC Earth - naturvitskaplege program og dokumentarar
  • National Geographic Wild - dokumentarar og naturprogram som gir eit unikt innblikk i naturen, miljøet og det fantastiske dyrelivet på jorda vår
  • H2 - eit djupdykk i ei verd av vitskap, militærhistorie, myter, gamle kulturar og moderne historie
  • History - eit djupdykk i historiske hendingar
  • Viasat Crime/Nature - det beste av krimseriar laga for tv, og dokumentarar av høg kvalitet med fokus på natur- og dyreliv
  • Viasat Explorer - program og dokumentarar om natur og dyreliv
  • Viasat History - faktaorienterte dokumentarar innan politikk, kultur, vitenskap, antropologi og religion
  • Discovery Science - oppfinningar og teknologisk utvikling i verda
  • Investigation Discovery - dokumentarar om oppklaring av mordsaker, rettsmedisinske funn og tilhøyrande politietterforsking

Kvar kanal kan du velje inn i startpakken (1 poeng per kanal) din ved å bruke Get kanalvelger på Tussa Di side.

 
Vi kan også anbefale strøymetenesta National Geographic+. Her finn du alle favorittseriane frå tv-kanalen National Geographic i eit arkiv slik at du kan sjå dei når du vil. Tenesta vel du inn i startpakken din for 5 poeng.
 
 
Slik vel du inn kanalar i START
På Tussa Di side kan du bruke Get kanalvelger til å velje inn kanalar og strøymetenester du vil ha.
 
 
 
Treng du hjelp til å velje inn kanalar eller tenester i START kan du ta kontakt med kundesenteret vårt.