Sette opp eit gjestenettverk

Det er fleire gode grunnar til å sette opp eit ekstra gjestenetverk heime:

  • Du held passordet på ditt eige trådlaust nett hemmeleg
  • Det gir betre tryggleik for det trådlause nettet ditt
  • Du kan enkelt endre passord på gjestenettet utan at det påverkar ditt eige utstyr
Merk at AirTies gjestenettverk per i dag er eit ekstra nettverksnamn/SSID til det same trådlause nettverket, ikkje eit separat nettverk.
 
Slik set du opp eit ekstra trådlaust nettverk på Air 4920 med eigen SSID og passord for gjestene dine via web:
  1. Kopl ein pc, nettbrett eller mobiltelefon til det trådlause nettverket med standard namn og passord
  2. Opn ein nettlesar
  3. Skriv http://air4920.local/ i adressefeltet
  4. Logg inn (standard passord er blankt) og naviger til "Wireless - Wireless Settings" i menyen (1.13). (Advanced Settings - Wireless - Advanced Setup 1.21)
  5. Huk av "Enable". Fyll inn ønskt namn på gjestenettet under "Primary SSID". Vel kryptering og set eit passord. Trykk på "Save" for å lagre. Vi tilrår ikkje å ha eit ope gjestenett, då vert det tilgjengeleg for alle som er innanfor rekkevidde av heimenettverket ditt
  6. Du har no sett opp eit ekstra nettverk på frekvensen 2.4 GHz og må gjere det same på 5 GHz
  7. Øvst på sida vel du fana WLAN 2 (5 GHz) og følgjer punkt 5 igjen. Bruk dei same innstillingane for SSID, kryptering og passord
  8. Det kan hende du misser kontakten med AirTies-eininga medan innstillingane vert overført og synkronisert med dei andre boksane. Dette kan ta inntil 5 minutt avhengig av kor mange boksar du har kopla til mesh-nettverket
 
 
 
 
Her kan du sjå video-rettleiing av korleis du set opp gjestenettverk. Klikk på biletet!
 

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300