Foreldrekontroll

Med foreldrekontroll (Parental Control) kan du bestemme kva einingar (pc-ar, mobilar og andre dingsar) som skal få lov til å kople seg til internett, og kva tid på døgnet internett skal vere tilgjengeleg for desse einingane.

Du kan til dømes styre det slik at det trådlause nettet ikkje er tilgjengeleg om natta for nokre einingar i huset. Du kan også velje at nokre einingar ikkje skal ha tilgang til internett i det heile tatt.
 
Slik set du opp foreldrekontroll:
 
  • Last ned appen i Google Play eller App Store
  • Opn AirTies-appen (du må vere i nærleiken av AirTies-boksane for å nytte app-en til å sette opp foreldrekontroll)

  • Opn Parental Control
  • Vel kva eining (Device) du skal sette foreldrekontroll på
  • Trykk på knappen ved sida av Parental Control for å aktivere
 
  • Set starttid og sluttid for tilgang til internett
  • Vel om det skal gjelde kvar dag ved å klikke på knappen Repeat Everyday
  • Dersom du ikkje vil at eininga skal ha tilgang til det trådlause nettet i det heile tatt kan du velje Disable Internet Access
 
Klikk på Done når du er ferdig!
 

Gjestenettverk

Veit du at du kan sette opp gjestenettverk med eige namn og passord?  Les meir om gjestenettverk her

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300