Ordforklaring

 
Breiband
Overføringskapasitet med tilstrekkeleg bandbreidde til å overføre eksempelvis stemme, data og video samtidig. Blir til vanleg definert som overføringskapasitet på over 2 Megabits per sekund, men nokon presis og allmenn definisjon finst ikkje. Vi i Tussa dekkjer alle behov, alt frå liten aksess til store bandbreidder og på ulike teknologiar.

xDSL
Teknologi for raskare overføring av store mengder data over koparbasert telenett. xDSL er eit samlebegrep for produkta ADSL, ADSL 2+, SHDSL og VDSL.
 
ADSL, ADSL 2+, VDSL
Tenesta gir ulik hastigheit til og frå brukaren. Sidan dei aller fleste har større behov for å laste ned enn å sende data, er hastigheita større inn enn ut.
 
SHDSL
Tenesta gir lik hastigheit til og frå brukaren. Passar for dei som har heimekontor (kopla opp mot server hos arbeidsgjevar), eller som har eit generelt stort behov for å sende ut tunge filar. Kan fåast i ulike hastigheiter.
 
IP-adresse
Dette er adressa til ei datamaskin som er tilkopla internett. IP-adressa gjer det muleg å kommunisere med ei unik datamaskin på nettet og skal oppgjevast i all kommunikasjon. Dette gjer det også mogleg å returnere eller svare på all informasjon ein mottek over nettet. IP-adresser er som internett sine telefonnummer. Eks. 195.204.150.1
 
Splitter på ADSL-boksen
Både telefonsamtalar og datatrafikk vil med ADSL gå over den same koparlinja. Men dei ulike trafikkformene bevegar seg på forskjellige frekvensar, slik at dei ferdast utforstyrra av kvarandre. Det må likevel monterast eit eige filter ved enden av telefonlinja, som fortel kva for del av trafikken som skal til data, og kva for del som skal til telefon. Dette filteret blir kalla ein splitter.
 
Ethernet/nettverkskort
Du må installere eit nettverkskort av typen 'ethernet' i PC-en din for å kunne ta i bruk ADSL. Dette er nødvendig for å få kopla PC-en til ADSL-modemet. Ethernetkort følgjer med dei fleste nye maskiner i dag, men kan også bestillast.
 
Kbps
Kilobits per sekund, kbit/s, som er ei måleeining for overføringshastigheit av data i telenettet. F.eks. ADSL 704/384 kb/s.
 
GB
GB står for Gigabyte og er den eininga vi brukar når vi oppgir datamengde. Ei datamengde på 1 GB utgjer for eksempel ca. 20 000 websider, 500 000 e-postmeldingar utan vedlegg, 200 mp3 filer (musikkfiler) eller tilnærma uavgrensa med chatting.
 
Byte
Nest minste måleeining i digitale system. Består av åtte bits. Bits og bytes skal skrivast med høvesvis liten og stor "b", men blir ofte brukt om kvarandre, utan omsyn til at byte er åtte gonger større enn bit. Ein kilobit (1 kb) er 1024 bits, medan ein kilobyte (1 kB) er 8000 bits. Ved måling av store datamengder, som f.eks. i harddiskar, er bytes det vanlege (MB=megabyte, GB=gigabyte).
 
Bluetooth
Bluetooth er ein radioteknikk berekna for trådlaus overføring av tale og data over korte avstandar. Han er spesielt eigna til å knyte saman øyreplugg og telefon, telefon og printer/faks, berbar datamaskin og printer... og tusenvis av andre bruksmåtar.
 
VOD - Video On Demand
Filmleige rett frå fjernkontrollen
 
SVOD - Subscribtion Video On Demand
Film- og serieleige rett frå fjernkontrollen for dei som abonnerer på CANAL+ Film eller Series (må også ha internett og Get HD-box)
 
PVR HD-box - Personal Video Recorder
Digital dekoder med pause-, spole- og opptaksfunksjon
 
EPG - Elektronisk Programguide
Programguide som gir deg full oversikt direkte på TV-skjermen. Du får oversikt over alle program på dei kanalane du abonnerer på ei veke fram i tid. Du kan leggje inn automatisk varsling på dei programma du ønskjer å sjå, samt sperre tilgang til enkeltkanalar (foreldrekontroll). Dersom du har Get box HD PVR kan du markere program eller seriar du ønskjer å ta opp direkte i program-oversikta.
 
HD - High definition
Ekstra skarpe TV-bilete pga. høg oppløysing
 
3D TV
Det nyaste innan TV-teknologi. Ei oppleving nær verkelegheita. 3D briller må brukast.
 
LED TV
LED-skjermen har lysdiodar som gjer at TV-en kan lyse opp meir detaljerte delar av biletet, og difor oppnå gode kontrastnivå. Miljøvennleg og mykje tynnare enn andre flatskjermar.
 
PLASMA TV
Ekstremt godt kontrastnivå, svært god fargeattgjeving, og veldig god attgjeving av raske rørsler. Plasma er førstevalet til heimekino og sportssendingar.
 
LCD TV
Ein LCD-skjerm har bakgrunnsbelysing med lysrør som gir heilskapleg attgjeving av bilete. Eignar seg for spelmaskinar og PC.
 
Portering
Vi overfører det eksisterande telefonnumeret ditt over i det nye abonnementet ditt hos oss.