seks gode råd for trådlaust nett punktbilde alt2.png
 
 

1. Plassering "midt i smørauget"

Plasser fibermodem/ruter sentralt i bustaden i forhold til der du brukar trådlaust nettverk.

 
 
 
 

2. Unngå hinder

Veggar og golv av betong, gips og varmeelement kan hindre signalet.

 
 
 
 

4. Pass på avstanda

Ikkje ha for lang avstand mellom fibermodem/ruter og der du skal nytte trådlaust nettverk.

 
 
 
 

5. Andre kan forstyrre signalet ditt

Forstyrringar frå naboar og elektronikk som babycall, mikrobølgeomn, bluetooth m.m. kan gi ustabilitet.

 
 
 
 

3. Smart plassering

Ekstra aksesspunkt eller trådlaus forsterkar bør plasserast så høgt på veggen som mogleg.

 
 
 
 

6. Byt ut gamlingen, eller bruk nettverkskabel

Gamle trådlause einingar trekkjer ned hastigheita til andre einingar i det trådlause nettet, fordi nettet tilpassar seg den svakaste eininga. Du bør vurdere å byte ut trådlause einingar som er eldre enn 3 år. Eller du kan slå av trådlaust og nytte ein nettverkskabel på den gamle eininga i staden.

 
 
 

Betre trådlaust nettverk

 
Den trådlause tilkoplinga vår vil i dei aller fleste tilfelle fungere bra, utan utfall og ustabilitet. Det er likevel ein del faktorar som kan påverke det trådlause nettverket ditt. Det er ofte avgjerande for trådlausdekninga i huset ditt kvar fibermodemet eller ruteren er plassert. Om denne er plassert feil har du to alternativ:
 
1. Du kan du bestille flytting av den
2. Du kan setje opp fleire aksesspunkt eller trådlause forsterkarar. Desse kan kjøpast i el-butikkar eller på nettet.
 
Dersom du har eit stort hus eller har mange murveggar kan det vere naudsynt å ha fleire aksesspunkt i huset. Det må leggjast fram kablar til desse aksesspunkta. Trådlause forsterkarar treng ein ikkje kable til, men dei må plasserast rett slik at dei utvidar området dei trådlause signala når fram til.
 
 

Faktorar som kan skape utfall og ustabilitet er:

1. Einingar som opererer på same frekvens:
  • Andre trådlause nett
  • Babycall (spesielt dei med video-overføring)
  • Bluetooth-einingar
  • Mikrobølgeomnar
  • Trådlause telefonar
  • Anna utstyr som brukar trådlaus tilkopling
2. Desse kan også påverke dersom dei står for nær, eller i siktlinja mellom der du er og fibermodemet/ruteren:
  • Varmtvasstank
  • Vassleidningar
  • Fryseboks
  • Kjøleskap
  • TV
  • Stereoanlegg
  • Andre elektriske eller metalliske einingar
3. Faktorar som gjer at signalet vert delvis eller fullstendig blokkert:
  • Betongveggar
  • Varmekablar
  • Speil, glas
  • Fliser
4. Dette kan få nettet ditt til å gå treigt:
  • Pc-ar med gamle nettverkskort som er kopla til det trådlause nettet ditt
  • Breibandskrevjande tenester (td. Netflix og nedlastingar) som vert køyrt over det trådlause nettet
  • Mange pc-ar, nettbrett, spelkonsollar og mobiltelefonar på trådlausnettet
  • For lang avstand mellom deg og det trådlause aksesspunktet
Løysinga er å kople mest mogleg av dei stasjonære einingane på kabla nettverk!
 
 

Feilsøking

Dei fleste som rapporterer problem knytt til det trådlause nettet har anten hatt store forstyrringar i sitt område og/eller sit for langt frå fibermodem/ruter med pc-en sin. Gjerne også med fleire veggar mellom!
 
Dersom du har problem, prøv dette :
  • Kontroller at internett fungerer via vanleg kabel. Det kan vere andre årsaker enn den trådlause tilkoplinga!
  • Flytt vekk eller skru av andre trådlause einingar som står for nær fibermodem/ruter. Dess nærare einingane står dess meir vert signalet påverka
  • Flytt pc-en nærare fibermodemet/ruteren og sjå om resultatet vert betre
  • Byt kanal.  Les meir om byte av kanal
  • Plasser fibermodemet/ruteren høgt oppe. Det er færre hindringar der!
Har du fortsatt problem - ta kontakt med Tussa kundesenter.
E-post: kundesenter@tussa.no eller på tlf. 70 04 63 00
 

Premium WiFi

Premium WiFi-løysinga vår kan vere det du treng for å få optimal trådlaus dekning i huset ditt. Løysinga består av eit smart nett av trådlause aksesspunkt (3 boksar), som gir deg optimal dekning og fart. Installasjonen er enkel, og boksane har klientstyring slik at du automatisk blir kopla til den boksen som gir best dekning og fart, når du beveger deg rundt i huset ditt.