Utviding av trådlaust nett

Bør du velje forsterkar eller mesh-nettverk? Vi gir deg ei innføring i forskjellen slik at du kan finne ut kva som passar for deg.

Tradisjonelt sett har eitt trådlaust aksesspunkt (fibermodem/ruter) gitt god nok trådlaus dekning for dei fleste heimane. Etter kvart har det vist seg at i store bustadar og hus over fleire plan, klarer ikkje fiber-modemet/ruteren alltid å gjere heile jobben åleine. Du må kople til eitt eller fleire trådlause aksesspunkt for å få god dekning i heile bustaden.
  • Til meir populært WiFi har blitt, til meir trafikk og støy har det blitt på frekvensbandet på 2,4 GHz.
  • 5 GHz-bandet aukar no kraftigt i bruk. Her er det langt mindre problem med støy, men også kortare rekkevidde for signala
Det er ikkje mogleg for eitt trådlaust aksesspunkt å trenge gjennom støy og hindringar i bustadar som har mange rom eller betongveggar, varmekablar i golv osv. Difor er dårleg dekning eit utbreitt problem, og bruken av WiFi-forsterkar og mesh-nettverk er aukande. Men kva er forskjellen på forsterkar og mesh-nettverk, og kva bør du velje?
 

 

WiFi-forsterkar

WiFi-forsterkar er ekstra aksesspunkt som vidaresender trådlause signal frå fibermodemet/ruteren for å dekkje større områder av bustaden. Kvar forsterkar oppretter eige nettverk, og einingar som koplar seg til er dermed på separat nettverk med forskjellige passord.
 
Fordelar med forsterkar:
  • Utvida rekkevidde på WiFi-nettverket ditt
Ulemper:
  • Ekstra kostnad* 
  • Separat nettverk og passord
  • Brukar kapasitet frå fibermodemet/ruteren og kan dermed gjere meir for å forsterke problema, enn å forsterke signala
 

Mesh-nettverk

Eit mesh-nettverk er ekstra aksesspunkt som er kopla saman med fibermodem/ruter og kommuniserer trådlaust med kvarandre. Du kan og bør slå av WiFi-signalet i modemet/ruteren slik at dei to nettverka ikkje forstyrrar og konkurrerer med kvarandre.
 
Fordelar med mesh-nettverk
  • Utvida rekkevidde på WiFi-nettverket ditt
  • Eitt nettverk og dermed berre eitt passord
  • Du kan bevege deg rundt i huset og automatisk bli kopla opp til det aksesspunktet som har best yting (klientstyring)
Ulemper
  • Ekstra kostnad*
* Utstyr kan kjøpast på el-butikkar eller via nett-butikkar
 
Tussa tilbyr Premium WiFi, som er eit mesh-nettverk med 3 boksar.