Utstyr du bør kable

For å avlaste det trådlause nettverket ditt bør flest mogleg av dei stasjonære einingane i huset vere kabla.

  • Pc-ar med gamle nettverkskort (hugs oppdateringar)
  • Spelkonsollar som Playstation, Wii, Nintendo etc.
  • Stasjonære pc-ar, spesielt om dei blir brukt til gaming
  • Digital-tv-boks
  • Smart-tv

Byt ut gamlingen eller bruk nettverkskabel

Gamle trådlause einingar trekkjer ned hastigheita til andre einingar i det trådlause nettet fordi nettet tilpassar seg den svakaste eininga,. Du bør vurdere å byte ut trådlause einingar som er eldre enn 3 år. Eller du kan slå av trådlaust og bruke ein nettverkskabel på den gamle eininga i staden.