Rett plassering av fibermodem/ruter og aksesspunkt

Sørg for at du har minst mogleg i vegen som hindrar WiFi-signala dine.

 
 

Plassering "midt i smørøyet"

 
Plasser fibermodemet/ruteren sentralt i bustaden i forhold til der du bruker trådlaust nettverk.
 
Fibermodemet er ikkje enkelt å flytte i ettertid, du må bestille montør til dette.
Ruter og andre aksesspunkt kan du flytte sjølv.
 
 
 
 
 

Unngå hinder

 

Smart Plassering

Speil, glass, fliser, veggar og golv av betong, gips og varmeelement elskar å hindre signal. Andre ting som også kan hindre signal er elektriske og metalliske apparat som fryseboks, kjøleskap, varmtvasstank etc.
 
Fibermodem/ruter eller trådlause aksesspunkt bør plasserast fritt for å unngå hinder. Ikkje gøym boksar bak tv eller inn i verken tekniske skap, tv-reolar eller liknande.
 
 
 
 

Pass på avstanden

Ikkje ha for laaaang avstand mellom fibermodem og der du skal nytte trådlaust nettverk.