Nyttig om frekvens

Er det mange einingar som "surfer" på same frekvens? Bytt til 5 GHz-bandet om du kan!

For kvar datamaskin, mobiltelefon, nettbrett, varmeomn og liknande du koplar til internett, dess meir av den trådlause kapasiteten bruker du. For å frigi meir plass i det trådlause nettet kan løysinga vere å enten kable fleire einingar, eller å byte frekvensband til 5 GHz om du kan.
 
Litt om frekvensband
Eit frekvensband er ein del av eit større frekvensområde. Trådlaust nett eller WiFi vert i hovudsak brukt på to frekvensband: 2,4 GHz og 5 GHz.
 
2,4 GHz er fortsatt det mest brukte frekvensbandet. Det vert brukt av dei eldre trådlause teknologiane, og er i praksis det treigaste nettet. Sidan signala på dette frekvensbandet har den lengste rekkevidda, er dette bandet også mest utsatt for støy og forstyrring frå andre trådlause nettverk og trådlaust utstyr (som Bluetooth-einingar og babycall).
 
5 GHz er det frekvensbandet som nyare utstyr støttar, og som i praksis er nettet som gir den høgste hastigheita. Nyare datamaskiner, nettbrett, telefonar etc. støttar og føretrekkjer dette frekvensbandet sidan det gir betre yting. Fordi signalet på dette bandet har kortare rekkevidde, er det gjerne behov for fleire trådlause aksesspunkt for å oppnå full dekning i ein bustad.
 
Det nyaste fibermodemet vi leverer støttar begge frekvensbanda.  
 
Zone fibermodem som også har 5 GHz 
 
Kva for eit frekvensband bør du bruke?
Svaret er at du bør bruke begge om du kan. Med eit fibermodem som støttar begge frekvensbanda har du til dømes moglegheit til å la nyare utstyr og spelekonsoll som støttar 5 GHz nytte det, og la dei gamlaste maskinene bruke 2,4 GHz.
 
Ulempa med 5 GHz kan vere rekkevidde. Etter kvart som du aukar avstanden mellom WiFi-eining og fibermodem går signalstyrken raskare ned enn for 2,4 GHz. Men ikkje la deg lure av signalstyrken. Testar syner at sjølv med svakare signal kan ytinga vere langt betre med 5 GHz.
 
Har du fibermodem med støtte for både 2,4 GHz og 5 GHz kan du manuelt byte mellom dei to nettverka. Du brukar same passord til begge.
 
Har du sett opp Premium WiFi (AirTies) i bustaden din så har AirTies-boksane det vi kallar klientstyring (bandstyring). Det vil seie at alle klientar/einingar som er kopla til WiFi automatisk vert kopla til frekvensen som gir best yting.
 
Du kan bestille oppgradering til nytt fibermodem med 5 GHz ved å ta kontakt med Tussa kundesenter.