Andre kan forstyrre signalet ditt

WiFi-utstyr i din eigen bustad eller hos naboen kan gjere at du opplever utfall eller ustabilt nettverk fordi "alt" bruker same WiFi-kanal.

Dei teknologiske vanane våre har endra seg kraftig dei siste åra. I dag er det mykje meir utstyr på WiFi-nettet enn for få år sidan, og det vert stadig fleire. Det blir stadig meir vanleg med nettbrett, smarttelefonar, smarthus, trådlause brytarar, elektriske apparat med WiFi-tilkopling osv. Jo fleire som "kranglar" om plassen på WiFi-nettet, jo meir støy og forstyrringar opplever vi.
 
I illustrasjonen under som syner 2,4 GHz-bandet, kan du sjå at mange av kanalane overlappar. Ofte nyttar ein berre kanalane 1, 6 og 11 ettersom desse ikkje overlappar. I teorien skal ikkje dette skape forstyrringar for kvarandre. Det er lite hjelp å byte frå 1 til 2 dersom du har 2 naboar på kanal 1. Dei vil fortsatt kunne slå ut delar av den trådlause trafikken i nettet ditt. Kanal 14 fungerer også fint å bruke, men det er ikkje alt utstyr som støttar kanalar mellom 11 og 14, sjølv her i Norge. Har du ein nabo som bruker ein "unormal" kanal, så må du kanskje tilpasse deg etter det.
 
 
  
Ta kontakt med kundesenteret vårt så kan dei hjelpe deg med å skifte WiFi-kanal på fibermodemet/ruteren for å sjå om det gir meir stabilt trådlaust nett.