Det er enkelt å bestille via Di side!

Ved enkle tastetrykk kan du bestille tilleggskanalar og ekstra Get-boks direkte på Di Side. Ønskjer du å nytte kanalveljaren din til å velje kanalar i startpakken din finn du også denne på Di Side. I tillegg får du full oversikt over leveranse, kundeprofil, og faktura.

 
Slik gjer du det:
- Øvst i høgre meny på nettsida vår finn du innlogging til Di Side
- Logg inn med e-postadresse og passord*
- Når du er logga inn, vel "Breiband og Digital-TV" i toppmenyen
- Vel "Abonnement"   
Du får no opp all informasjon om abonnementet ditt
 
- Klikk på "Premiuminnhald"
- Klikk "Bestill" på den kanalapakken/kanalen du ønskjer å bestille
 
Kanalane/kanalpakkane vert straks tilgjengelege på Get-boksen/Get-boksane.
Bestilling av ekstra Get-boks må vi handtere manuelt og sende til deg.
 
* Du må ha registert ein brukar for å logge inn med e-postadresse og passord. Dersom du ikkje har gjort det enno kan du klikke på linken "Registrer brukar" og følge instruksane.