Breibandssoner

Pålogging og bruk av trådlause soner

 
Opne opp nettlesaren på PC-en. Nokre PC-ar koplar så opp trådlause nett automatisk. Dersom ikkje må du setje opp nettverket manuelt ved å gå til oppsett for Trådlaust nettverkstilkopling. Vel ikonet for Tussa Breibandssone og følg rettleiingane vidare.
 
Breibandskundane våre får tilsendt brukarinformasjon (brukarnamn og passord) for pålogging i breibandssonene. Dersom du ikkje har denne informasjonen tilgjengeleg, kan du finne han igjen ved å logge på "di side" for breiband i menyen oppe til høgre eller ta kontakt med Tussa Kundeservice.