Utfasing av koparnettet

Viktig informasjon til deg som har, eller ønskjer å bestille, Tussa Breiband via kopar-/telefonlinja (dsl-abonnement)

Telefonlinjene vert snart fasa ut av Telenor. For å behalde internett må du over på nyare teknologi.
 
Telenor har starta med å fase ut sine telefonlinjer, noko som kjem til å få konsekvensar for deg som har tilgang på internett via koparlinjene. Frå desember 2022 vert dei siste koparlinjene stengde.
 
Dette er nok i tråd med den digitale utviklinga, gamal teknologi må erstattast med noko nytt og framtidsretta. Moderne familiar har i dag behov for stadig høgare linjekapasitet enn det telefonlinjene og mobilnettet kan gi. Vi i Tussa har sett dette kome og har sidan oppstarten i 2009 bygd ut og levert Tussafiber til store deler av søre Sunnmøre. Vi er ein stolt bidragsytar til infrastrukturen i området vårt anten det gjeld den digitale kvardagen på heimebane eller i arbeidslivet.
 
Vil du og huset ditt vere med i den digitale utviklinga så heng med. Du har framleis litt tid, men vi har erfart at det kan bli lenge å vente om alle går over til ny løysing på same tid. Og skulle det oppstå feil på koparlinjene er det også usikkert om eigar av linjene (Telenor) tek kostnaden med reparasjon.
 
Ønskjer du å bestille fiber kan du ta kontakt med Tussa Kundesenter på tlf. 70 04 63 00.