Gode råd for det trådlause nettet ditt

Det er fleire ting du kan gjere om det trådlause nettet ditt er treigt eller ustabilt.

Det er ofte avgjerande for trådlausdekninga i huset ditt kvar fibermodemet er plassert. Om denne er plassert feil kan du bestille flytting av den. Eventuelt sette opp fleire aksesspunkt. Desse kan kjøpast i el-butikkar eller på nettet. Dersom du har eit stort hus eller har mange murveggar kan det vere naudsynt å ha fleire aksesspunkt i huset. Det må leggast fram kablar til desse aksesspunkta.
 
Den trådlause tilkoplinga vår vil i dei aller fleste tilfeller fungere bra, utan utfall og ustabilitet. Det er likevel ein del faktorar som kan påverke det trådlause nettverket ditt.
 
Faktorar som skaper utfall og ustabilitet er:
 
Einheiter som opererer på same frekvens som din:
  • Andre trådlause nett
  • Babycall (spesielt dei med video-overføring)
  • Bluetooth-einheiter
  • Mikrobølgeomnar
  • Trådlause telefonar
  • Anna utstyr som brukar trådlaus tilkopling
Desse kan også påverke dersom dei står for nær fibermodemet:
  • Varmtvasstank
  • Vassledingar
  • Fryseboks
  • Kjøleskap
Faktorar som gjer at signalet vert delvis eller fullstendig blokkert:
  • Betongveggar
  • Varmekablar
  • Speil, glas
  • Fliser
 
Desse tinga kan få nettet ditt til å gå treigt:
  • Pc-ar med gamle nettverkskort som er kopla til det trådlause nettet ditt
  • Breibandskrevjande tenester (td. Netflix og nedlastingar) som vert kjørt over det trådlause nettet
  • Mange pc-ar, nettbrett, spelkonsollar og mobiltelefonar på trådlausnettet
Løysinga er å kople mest muleg av dei stasjonære einheitene på kabla nettverk!
 
 

Feilsøking

Dei fleste som rapporterer problem knytt til det trådlause nettet har anten hatt store forstyrringar i sitt område og/eller sit for langt frå heimesentralen med pc-en sin. Gjerne også med fleire veggar mellom!
 
Dersom du opplever problem, prøv dette :
  • Kontroller at internett fungerer via vanleg kabel. Det kan vere andre årsaker enn den trådlause tilkoplinga!
  • Flytt vekk eller skru av andre trådlause einheiter som står for nær heimesentralen. Dess nærare einheitene står dess meir vert signalet påverka
  • Flytt pc-en nærare heimesentralen og sjå om resultatet vert betre
  • Bytt frekvens

Har du fortsatt problem - ta kontakt med Tussa kundesenter på tlf. 70 04 63 00

 

Nyttige artiklar for trådlaust nettverk

 Slik plasserer du den trådlause ruteren din (ekstern link til dinside.no)
 3 gode løysingar til betre trådlaus dekning (ekstern link til dinside.no)
 Set opp trådlaust nettverk på rett kanal (ekstern link til dinside.no