Avtalevilkår

Avtalevilkår for breibandstelefoni

 
1 Generelt
1.1 Gjeld for
Desse alminnelege vilkåra regulerer kunden (heretter kalla "Kunden") sin tilgang til og bruk av tenester og tilleggstenester levert av Tussa IKT AS (heretter kalla ”Leverandøren”) eller formidla av Leverandøren. Med ”Tenester” er det i følgjande tekst meint breibandstelefoni-trafikk, samt tilleggsprodukt levert av Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar.
Tilknyting til breibandstelefoni vert berre levert dersom det er teknisk mogeleg å levere til abonnenten. Dersom Leverandøren ikkje kan levere bestilt produkt er bestillinga å sjå på som kansellert. Leverandøren er ikkje ansvarleg dersom leveringa vert forseinka eller utelaten som følgje av at Kunden ikkje er tilknytt ein sentral som er tilknytt breibandsnett. Dersom det av tekniske årsaker ikkje er mogeleg å levere breibandstelefoni til Kunden, betalar ikkje Kunden noko for forsøket med mindre anna er avtalt.
 
1.2 Bestilling av tenester
Bestilling av Tenester via web, skriftleg eller munnleg, er å sjå på som ein aksept av desse vilkåra. Dersom ein kunde tek i bruk Tenester utan at det er inngått nokon verkeleg avtale, vert det å sjå på som at vedkomande har akseptert desse vilkåra. Er brukaren av tenesta under 18 år, er den pårørande som har signert kontrakten å sjå på som Kunde. Med mindre anna er særskilt avtalt, er det ein føresetnad at Kunden er ajour med betaling av andre tenester frå Leverandør eller Tussakonsernet.
 
1.3 Partar
Alle juridiske og myndige personar med fast bustad i Noreg og med telefonlinje som er tilknytt sentralar som har ein kvalitet og kapasitet som tilfredsstiller krava til installering kan i utgangspunktet abonnere på Tenestene. Abonnenteining som blir leigt i samsvar med desse vilkåra er berre tillate brukt i Kunden sin husstand. Kunden har ikkje lov å vidareselje eller vidareformidle leverte tenester til tredjepart.
 
1.4 Levering av Tenester
Det vil bli gjort vanleg kredittvurdering av abonnentane. Leverandøren har rett til å avslå leveranse av ei eller fleire Tenester utan vidare grunngjeving.
 
2 Angrerett
Kunden har, i samsvar med angrerettlova, rett til å gå frå avtalar om leveranse av Tenester ved å gje Leverandøren melding om dette innan 14 dagar etter at den aktuelle avtalen, normalt via e-post, er bekrefta av Leverandøren. Melding om bruk av angrerett bør av omsyn til provføring vere skriftleg. Ved bruk av angrerett fell partane si plikt til å oppfylle avtalen bort.
Kundar som har bestilt Tenester på annan måte enn ved telefonsamtale etter uoppmoda oppringing frå Leverandøren (”telefonsal”) og som mottek leveranse før angrefristen er over, pliktar ved bruk av angrerett å betale for etablering og motteke levering av gjeldande Teneste.
Ved bruk av angrerett er Kunden ansvarleg for å tilbakelevere alt utstyr motteke frå Leverandøren i samband med den aktuelle avtalen. Kunden pliktar sjølv å bere kostnadene med retur av motteke utstyr. Etter at angrefristen er over, gjeld  vilkåra for oppseiing som følgjer av punkt 8 nedanfor.
Kunden skal sjølv bere kostnadene med å flytte til annan leverandør av telefonitenester etter at Leverandøren har motteke bestilling frå Kunden. Dette gjeld uansett forhold/tvist mellom Leverandør og Kunde.
 

3 Tenestene

3.1 Innhald
Leverandøren gir Kunden ei breibandstelefoniteneste via ein sentral som er ferdig utbygd for breibandsaksess, og ein IP-ruter. Kunden er sjølv ansvarleg for at han har eit fungerande offentleg eller privat breibandssamband slik at terminalutstyret kan nyttast ved hjelp av standard Internet-protokollar (minimumskrav ADSL 850/384). Telefonitenesta er normalt tilgjengeleg heile døgnet, men det kan skje driftsforstyrringar. Alt utstyr utlevert av Leverandøren, herunder IP-ruter og adapter er, om anna ikkje er avtalt, Leverandøren sin eigedom, og må returnerast av Kunden for eiga rekning ved endt kontrakt eller når Leverandøren ber om å få utstyret i retur, uavhengig av årsak. Kunden er sjølv ansvarleg for eige straumabonnement, samt eventuelt tradisjonelt telefoni- eller ISDN-abonnement. Tenestene, under dette breibandstelefoni, krev straum for å fungere.
Kunden er sjølv ansvarleg for eventuelt tilleggsutstyr i eige lokalt nett som er nødvendig for å nytte Tenestene. Kunden er ansvarleg for oppkopling og installasjon av terminalutstyret.
Breibandstelefonitenesta vert levert så godt som mogeleg med den kvalitet som er kjent på ISDN- eller PSTN-tenester pr. i dag. I dei områda der Leverandøren ikkje har eige utbygd nett til breibandaksess, er tenesta avhengig av den til ei kvar tid ledige kapasitet i internettsambandet til Kunden sin operatør. Kunden må i desse tilfella rekne med at samtalekvaliteten kan vere noko meir redusert enn i dei definerte områda med Leverandøren sitt eige utbygde nett.
Leverandøren er ikkje ansvarleg for tapt arbeidsforteneste eller andre tap eller kostnader, viss tenesten ikkje er operativ. Skuldast feil urett bruk eller aktløyse frå Kunden si side eller nokon han svarar for, eller skuldast feil ytre påverknader, må Kunden sjølv koste feilsøking og reparasjon. Reparasjon av utstyr må berre utførast av Leverandøren, eller av ein reparatør som Leverandøren fastset.
Tenestene vert leverte til nettermineringspunktet (NTP). NTP vert definert som overgangen mellom netteigar sitt nett og privat nett. Dersom det interne telefonnettet er eigd av ein privat leverandør må Kunden sjølv få den private leverandøren til å kople breibandslinje vidare inn til ønskt stad. NTP kan vere plassert utanfor eller umiddelbart etter gjennomslag i mur/vegg til bygget der breibandstilgang er bestilt (Grunnmursprinsippet). Intern kabling og modifikasjon av telefonuttaket som måtte vere nødvendig for å levere Tenestene til bustaden er Kunden sitt eige ansvar. Om Kunden ønskjer framføring av nye kablar og kontaktar må Kunden betale tillegg for dette, utover etableringsprisen frå Leverandøren, i samsvar med Leverandøren eller underleverandøren sine gjeldande prisar for dette.
Leverandøren er ikkje ansvarleg for avbrot som skuldast tilhøve som Leverandøren ikkje er ansvarleg for, t.d. breibandssambandet, Kunden sitt eige utstyr, arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, krig, brann, straumbrot eller anna force majeure.
 
Det kan ikkje garanterast for at tenester som modem, faks og alarmar vil virke som for vanleg fasttelefoni. Ta kontakt med  leverandøren dykkar for aktuell teneste for å få opplyst grensesnitt og bruksområde.
 
3.2 Nummerportering
Ved å inngå denne Avtalen og å krysse av for å behalde eksisterande nummer gir Kunden Leverandøren fullmakt til å bestille overføring av telefonnummer frå noverande leverandør, innhente nødvendig informasjon frå noverande leverandør og til å avbestille eventuelle tenester som er til hinder for overføring av nummer (såkalla nummerportering).
Nummerportering vil tidlegast skje etter at angrefristen har gått ut, dvs. 14 dagar etter at bestillinga er motteken frå Kunden.
Kunden er sjølv ansvarleg for å seie opp eventuelle andre nummer og/eller tenester han ikkje skal ha før nummerportering vert bestilt av Kunden. Kunden er også ansvarleg for å gje opp korrekt informasjon slik at overføring av nummer kan gjennomførast korrekt.
Leverandøren er ikkje ansvarleg for feil eller manglar som oppstår som følgje av mangelfull eller feil informasjon frå kunden eller andre leverandørar eller som følgje av tilhøve som høyrer inn under andre partar sitt ansvar.
Kunden skal ikke sjølv seie opp abonnementet sitt hos noverande leverandør. Dette skal gjerast av noverande leverandør når han mottek bestilling av nummerportering frå Leverandøren i samsvar med dei reglar som gjeld for dette i Noreg. Dersom Kunden vel nye telefonnummer frå Leverandøren må Kunden sjølv seie opp det gamle abonnementet sitt hos noverande leverandør.
Dersom overføring av nummer ikkje kan gjennomførast innan normal tid har Kunden, uavhengig av årsak, ingen rett til kompensasjon ut over prisen for overføring.
 
3.3 Levering
Tenestene skal leverast innan rimeleg tid etter kjøpet, dersom ikkje anna er avtalt. Kunden vil få oppgitt ei forventa leveringstid. Dersom levering ikkje har funne stad innan rimeleg tid etter leveringsdato, er leveringa forseinka. Ved ei vesentleg forseinking av forventa leveringsdato kan Kunden heve kjøpet, jf. vilkåra punkt 10.3. Kunden skal gje melding om heving av kjøpet innan rimeleg tid etter at ei forseinking har oppstått.
 
3.4 Kunden sin bruk av Tenestene
Kunden kan gje andre i sin husstand tilgang til abonnementet sitt. Kunden er ansvarleg for all bruk av Tenester knytt til eige abonnement og pliktar å sørgje for at uvedkomande verken elektronisk eller fysisk nyttar Kunden sitt abonnement til urettkome bruk av Tenester levert av Leverandøren. Tenestene kan ikkje seljast vidare.
Kunden er sjølv ansvarleg for at IP-boksen ikkje vert teken med ut frå den faste adressa der nummeret er registrert. Dersom det vert gjort, kan dette medføre at ein ikkje kjem fram til næraste naudsentral (110, 112 og 113).
 
3.5 Endeutstyr
Leverandøren kan ikkje ta ansvar for ende-/aksessutstyr hos kunden utanfor eige nett, som ikkje handterer breibandstelefoni-trafikk på ein tilfredsstillande måte. Dette gjeld spesielt m.o.t. NAT-funksjon og handtering av taleprotokollar. Dette er forhold som kan påverke tenesten, og ligg utanfor Leverandøren sitt ansvarsområde. For å sikre ei optimal oppetid på Tenesten, vil Leverandøren krevje at Kunden har aksessutstyr som tek høgde for slik trafikk.
 
4 Prisar
Pris på Tenestene går fram av Leverandøren si til eikvar tid gjeldande prisliste. Prisane er tilgjengelege på www.tussa.no (ved søk på nummer).
 
Leverandøren har rett til å regulere pris for Tenestene med varsel 1 månad på førehand. Faktura, eller særskilt melding pr. e-post, med opplysning om ny pris for Tenestene gjeld som skriftleg varsel om prisendring. Kunden sin bruk av Tenestene etter at prisendringa er tredd i kraft, er å sjå på som aksept av ny pris. Dersom Kunden ikkje godtek den nye prisen, har Kunden rett til å seie opp Avtalen med umiddelbar verknad ved å returnere motteke utstyr til Leverandøren.
 
4.1 Tilleggstenester
Prisar på tilleggstenester følgjer av eigne prislister og eventuelt eigne vilkår. Eventuelt tilleggsutstyr utlånt i samband med tilleggstenester er Leverandøren sin eigedom, og må returnerast av Kunden for eiga rekning ved endt kontrakt eller når Leverandøren ber om å få ruteren i retur, uavhengig av årsak.
 

5 Fakturering

Etableringspris vert fakturert saman med første fakturering av abonnement. Kundar vert fakturerte forskotsvis for faste avgifter. Ulike terminar kan avtalast i samsvar med dei til kvar tid gjeldande terminar, likevel alltid forskotsvis. Første faktura vil såleis dekkje etablering og abonnement frå tilknytingstidspunktet og fram til og med første heile termin etter fakturaforfall. Abonnementet vert fakturert frå den datoen Tenestene er gjort tilgjengelege for Kunden. Tilleggstenester kan fakturerast både frå Leverandøren og Leverandøren sine samarbeidspartnarar og kan ha eigne faktureringsrutinar. Forbruk vert fakturert månadleg etterskotsvis. Etterfakturering/avrekning kan bli gjort.
 
5.1 Ved val av elektronisk faktura (eFaktura, SMS- og e-postfaktura) blir det ikkje berekna fakturagebyr. Ved innkrevjing via bank-/ postgiro kjem fakturagebyr i tillegg, sjølv om ein har valt å bruke autogiro.
 

6 Betalingsplikt for kunden

Den som er registrert som Kunde hos Leverandøren, er ansvarleg for betaling av Tenestene som Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar leverer i samsvar med gjeldande vilkår. Ansvaret omfattar også andre sin bruk av Tenestene,  under dette uvedkomande sin bruk, dersom det ikkje kan påvisast at uvedkomande sin bruk er gjort mogeleg gjennom aktløyse frå Leverandøren si side. Betalingsplikt gjeld sjølv om levering er heilt eller delvis stengt i medhald av punkt 13.3.
 

7 Varsel og endringar

7.1 Endringar frå Kunden si side
7.1.1 Varsel
Endringar som har betydning for abonnementet skal om mogeleg meldast til Leverandøren 6 veker før endringa trer i kraft.
 
7.1.2 Flytting
Kunden kan ta med seg abonnementet dersom Kunden flyttar til ein bustad tilknytt sentralar med xDSL og ei linje med kvalitet og kapasitet som tilfredsstiller krava til levering av Tenestene. Kunden må då betale ein flyttepris etter gjeldande prisliste. Dersom abonnementet ikkje vert flytta til Kunden si nye adresse og abonnementet ikkje vert overdrege, sjå eige punkt 9, må abonnementet seiast opp i samsvar med punkt 8 nedanfor.
 
7.2 Endringar frå Leverandøren si side
7.2.1 Varslingsfristar
Vesentlege driftsforstyrringar som Leverandøren kan sjå på førehand eller kontrollere, oppseiing i samsvar med vilkåra punkt 8.2, overdraging av kontraktsposisjon i medhald av vilkåra punkt 9, endringar av vilkåra som ikkje er til Kunden sin fordel, auke i prisane, samt stenging i medhald av vilkåra punkt 13.3, vil bli varsla av Leverandøren minst ei veke på førehand. Også andre tilhøve ved Tenestene som vedkjem Kunden vil bli prøvd varsla i rimeleg tid. Leverandøren kan likevel unnlate å varsle eller gje kortare varsel, dersom offentleg rettslege reglar eller omsynet til andre Kundar hindrar Leverandøren frå å varsle minst ei veke på førehand.
 
7.2.2 Varslingsmåte
Varsel vert sendt til Kunden si registrerte e-postadresse med mindre anna er avtalt. Varsel om stenging kan også sendast saman med faktura eller brev til Kunden.
 
7.2.3 Kunden er ansvarleg for tap og skadar på Abonnenteininga så lenge ho er i hans eige, og skal utan opphald varsle Leverandør dersom tap eller skade skjer. Skade på Abonnenteininga som er knytt til brann, lynnedslag, vasslekkasjar, flaum og liknande, er Kunden ansvarleg for. Dersom Kunden må ha ny Abonnenteining som følgje av dette, blir det fakturert gebyr i samsvar med gjeldande prisliste. Kunden skal ha forsikring som dekkjer eit mogeleg ansvar for utstyret.
 

8 Oppseiing

8.1 Oppseiing frå kunden
Kunden kan seie opp Avtalen med skriftleg varsel 1 månad på førehand rekna frå utløpet av den månaden oppseiinga vert meldt til Leverandøren.
 
Leverandøren har rett til å seie opp Avtalen med umiddelbar verknad, eller mellombels stengje for tenester, dersom Kunden opptrer i strid med gjeldande offentleg rettslege reglar for teletenester, eller misbrukar Tenestene, under dette nyttar Tenestene til sjikane. Det same gjeld dersom Kunden sitt utstyr gir forstyrringar i Leverandøren sitt nett.
 
Ved oppseiing er Kunden ansvarleg for å levere tilbake alt telefoniutstyr motteke frå Leverandøren. Ved tilbakelevering av utstyr skal dette vere i slik stand det var i ved levering.
 
Det vert ikkje gitt refusjon av etableringsbeløp eller abonnement ved oppseiing eller stenging.
 
8.2 Oppseiing frå Leverandøren
Oppseiing av ei eller fleire Tenester, under dette som følgje av at Leverandøren avsluttar levering av gjeldande Teneste, vert varsla i samsvar med punkt 7.2.
 

9 Overdraging

Avtalen mellom Leverandøren og Kunden kan ikkje overdragast utan etter skriftleg samtykke frå Leverandøren. I forbrukarforhold kan samtykke til overdraging til medlem av same husstand berre nektast dersom det ligg føre sakleg grunn. Leverandøren kan overdra heile eller delar av sine rettar etter denne Avtalen.
 

10 Feil eller manglar ved produktet

10.1 Reklamasjon
Før feil vert melde til Leverandøren, bør Kunden undersøkje om feilen skuldast tilhøve på kunden si side. Dersom Kunden kan godtgjere at produktet ikkje fungerer slik Leverandøren har gjort greie for at det skal gjere, må Kunden melde dette til Leverandøren slik at Leverandøren kan setje i verk tiltak for hjelp, sjå neste punkt. Kunden misser retten sin til å gjere ein mangel gjeldande dersom han ikkje gir Leverandøren melding innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen.
 
10.2 Avhjelp
Leverandøren skal snarast råd etter å ha blitt kjent med ein mangel ved produktet levert av Leverandøren, setje i verk tiltak for å rette på mangelen. Dersom Kunden på eige initiativ set i verk tiltak for å utbetre mangelen ut over det som måtte vere avtalt med Leverandøren, betalar ikkje Leverandøren desse utgiftene.
 
10.3 Heving
Kunden kan med umiddelbar verknad heve avtalen ved vesentleg misleghald frå Leverandøren si side.
 

11 Bruksrestriksjonar

Leverandøren har rett til å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i Tenestene som er å sjå på som nødvendige av tekniske, sikkerheitsmessige, vedlikehaldsmessige eller driftsmessige årsaker. Leverandøren er utan ansvar for kostnader eller tap som Kunden måtte bli påført som følgje av slike tiltak. Leverandøren vil gjere det han kan for å varsle om slike tiltak i god tid og gjere sitt beste for at ulempene for den enkelte kunde blir minst mogeleg.
Om det av omsyn til grunnleggjande krav etter Ekomlova § 2-5 er nødvendig (liv, helse, nettintegritet m.m.), kan bruksavgrensinga gjennomførast utan førehandsvarsling, men slik at Kunden vert varsla omgåande etterpå.
Leverandøren nyttar Kunden si datalinje for levering av teletenester. Dersom det oppstår avbrot og forstyrringar på Kunden sin breibandstilgang til Internett, vil dette også automatisk føre til avbrot og forstyrringar på Leverandøren sine telefonitenester. Leverandøren er utan ansvar for driftsforstyrringar hos Kunden sin breibandsleverandør som ligg utanfor Leverandøren sin eigen infrastruktur.
I naudsituasjonar, under dette force majeure, alvorlege truslar mot helse, tryggleik og/eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streikar og lockout, og alvorleg fare for sabotasje mot nett og tenester, har Leverandøren rett til å gjennomføre avbrot eller avgrensingar i Tenestene, samt å avskjere tilgangen til Tenestene for nye kundar.
Leverandøren er utan ansvar for alle tap, direkte eller indirekte, som Kunden måtte verte påført som følgje av nemnde tiltak. Dersom gjennomføring av vesentlege delar av avtalen er forhindra utover tre månader på bakgrunn av omstende som nemnt ovanfor, har kvar av Partane rett til å seie opp avtalen med umiddelbar verknad.
 

12 Handsaming av personopplysningar

12.1 Innhenting og bruk av personopplysningar 
Ved bestilling av abonnement vil dei opplysningar som Kunden oppgir, bli lagra i Leverandøren sin kundebase. Det kan også bli innhenta kredittvurdering av Kunden, jf. vilkåra punkt 1.4. Opplysningane vert lagra til bruk ved levering av Tenestene, varsling i samsvar med vilkåra punkt 7.2 og fakturering. Opplysningane vil ikkje bli brukt til marknadsføring eller utlevert til andre med mindre Leverandøren er rettsleg forplikta til dette. Kunden har på førespurnad rett til innsyn, jf. personopplysningslova § 18, og kan krevje urette eller ufullstendige opplysningar retta. Unntak frå retten til informasjon følgjer av personopplysningslova § 23.
 
12.2 Teieplikt
Leverandøren og dei tilsette hos Leverandøren pliktar å teie om opplysningar rundt kunden sin bruk av produktet og om innhaldet i Kunden sin kommunikasjon på nettet. Slike opplysningar kan likevel utleverast med Kunden sitt samtykke, eller gjevast til domstolane, påtalestyresmaktene eller andre offentlege styresmakter når Leverandøren er rettsleg forplikta til å utlevere slik informasjon.
 

13 Kunden sitt misleghald m.m.

13.1 Betalingsmisleghald frå kunden
Ved betalingsmisleghald vil Leverandøren sende inkassovarsel i samsvar med gjeldande lovgjeving. Kunden vil verte belasta med forseinkingsrente etter lov om rente ved forseinka betaling og purregebyr slik dette går fram av Leverandøren si til kvar tid gjeldande prisliste. Tenester som føreset kreditt vil ikkje kunne bli pårekna levert før gjelda er betalt eller på anna måte fell bort.
 
13.2 Erstatning
Dersom utstyr tilhøyrande Leverandøren går tapt eller vert skadd medan utstyret er hos Kunden, er Kunden objektivt ansvarleg. Ved tap eller uoppretteleg skade, er Kunden erstatningspliktig med ein sum i samsvar med prisliste.
 
13.3 Stenging
Leverandøren kan stengje Kunden sin tilgang til Tenestene heilt eller delvis dersom Kunden mislegheld sine plikter etter abonnementsavtalen, under dette ved ikkje å betale i samsvar med faktura sendt frå Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar. Tilsvarande stenging kan setjast i verk av Leverandøren om det ligg føre misleghald som omtalt i bokstav b til d nedanfor i vilkåra punkt 13.4 eller om Kunden utøver aktivitetar, under dette "spamming", distribusjon av uønskt innhald, innbrot og forsøk på innbrot, som kan forringe tenestekvaliteten for andre brukarar. Før stenging kan Kunden bli informert av Leverandøren. Dersom eit stengt samband vert gjenopna, vil det i tillegg kome eit gjenopningsgebyr i følgje prisliste.
 
13.4 Heving
Leverandøren kan med umiddelbar verknad heve avtalen og krevje ruteren utlevert ved vesentleg misleghald frå Kunden si side. Vesentleg misleghald kan til dømes ligge føre dersom Kunden;
  1. ikkje betalar etter purring,
  2. nyttar utstyr som ikkje er typegodkjent,
  3. nyttar Tenestene i strid med offentleg rettslege reglar, eller
  4. på annan måte grovt misbrukar Tenestene, under dette ved brot på opphavsrettar.
Kunden vert fakturert for ruter som ikkje er levert i retur, i følgje prisliste.
 

14 Endring i vilkåra

Leverandøren har rett til å endre gjeldande vilkår, under dette som følgje av lover, vedtak og tilrådingar frå offentlege styresmakter. Ved vesentlege endringar i vilkåra har Kunden rett til å seie opp avtalen med umiddelbar verknad og krevje refundert ein høvesvis del av førehandsbetalte avgifter. Endringar av vilkåra vert varsla i samsvar med vilkåra punkt 7.2.
 

15 Tvistar

Tvistar mellom Kunden og Leverandøren skal ein prøve å løyse på fredeleg vis. Dersom ikkje det let seg gjere, kan kvar av partane bringe tvisten inn for Brukerklagenemnda for elektronisk kommunikasjon, eller dei ordinære domstolane.