Avtalevilkår

Avtalevilkår for breiband (dsl/radio)

Abonnementsvilkåra må vere lesne og godtekne FØR bestilling av tenestene våre.

1 Generelt
1.1 Gjeld for
Desse vilkåra regulerer kunden (heretter kalla ”Abonnenten”) sin tilgang til og bruk av tenester og tilleggstenester levert av Tussa IKT AS (heretter kalla ”Leverandør”) eller formidla av Leverandør. Tilknyting til breibandsnettet blir levert dersom det er teknisk mogleg å levere DSL eller radio/fiber til Abonnenten. Dersom Leverandør ikkje kan levere bestilt hastigheitsklasse, blir bestillinga sett på som heva, og Abonnenten kan få tilbod om kjøp av ei alternativ hastigheitsklasse. Leverandør er ikkje ansvarleg dersom leveringa blir forseinka eller utelaten som følgje av at Abonnenten ikkje er tilknytt ein sentral som er tilknytt Leverandør sitt breibandsnett. Dersom det av tekniske årsaker ikkje er mogleg å levere breibandstilknytinga til Abonnenten, betalar ikkje Abonnenten noko for forsøket med mindre anna er avtalt. Abonnenten leiger utstyr av Leverandør for tilgang til Leverandør sitt nett og overføring av avtalt teneste. ”Abonnenteining” betyr i desse vilkåra det utstyret som Abonnenten til ei kvar tid leiger frå Leverandør til bruk for tenesta levert gjennom Leverandør sitt nett.
 
1.2 Bestilling av abonnement
Bestilling av abonnement og tenester via Web, skriftleg eller munnleg er å sjå på som ein aksept av desse vilkåra. Dersom ein kunde tek i bruk Leverandør sine tenester utan at det er inngått nokon spesiell avtale, blir vedkomande sett på som å ha akseptert desse vilkåra. Er brukaren av tenesta under 18 år, er den pårørande som har signert kontrakten å sjå på som Abonnent. Med mindre anna er særskilt avtalt, er det ein føresetnad at Abonnenten er à jour med betaling av andre tenester frå Leverandør eller Tussakonsernet. Dersom ikkje anna er skriftleg avtalt, gjeld 12 månader bindingstid for Tenesta.
 
1.3 Partar
Alle juridiske og myndige personar med fast bustad i Noreg og med telefonlinje som er tilknytt Leverandør sine sentralar som har ein kvalitet og kapasitet som tilfredsstiller krava til installering av DSL, kan i utgangspunktet abonnere på Leverandør sine tenester. Abonnenteining som blir leigt i samsvar med desse vilkåra er berre tillate brukt i Abonnenten sin husstand. Abonnenten har ikkje lov å vidareselje eller vidareformidle leverte tenester til 3. part.
 
1.4 Kredittvurdering
Det vil bli gjort ei vanleg kredittvurdering av nye abonnentar som bestiller tenesta. Leverandør har rett til å avslå leveranse utan vidare grunngjeving.
 
2. Angrerett
 Kunden kan gå frå abonnementsavtalen utan å gje opp nokon grunn innan 14 dagar etter at Leverandør har oppfylt si opplysningsplikt i samsvar med angrerettslova, ved å sende Leverandør melding om at han vil gå frå avtalen. Melding om bruk av angrerett bør av omsyn til provføring vere skriftleg. Dersom Abonnenten nyttar angreretten etter at linja er bestilt hos tredjepart pliktar Abonnenten å betale eit avbestillingsgebyr i samsvar med prisliste. Etter at tenesta er levert for Abonnenten, gjeld vilkåra for oppseiing som følgjer av punkt 8 nedanfor. Ved bruk av angreretten pliktar Abonnenten å returnere utstyr levert av Leverandør i same stand som motteke. Abonnenten pliktar å betale alle returkostnadene.
 
3 Produktet
 3.1 Breibandstilgang
Leverandør gir Abonnenten ein breibandstilgang via faste linjer med nærare avtalt kapasitet, og ein DSL-ruter, ev. radio/fiber modem og antenne der dette skulle vere aktuelt. Breibandstilgangen er normalt tilgjengeleg heile døgnet, men driftsforstyrringar kan skje. DSL-ruteren og radioutstyr er Leverandør sin eigedom, og må returnerast når kontrakten tek slutt eller når Leverandør ber om å få ruteren i retur uavhengig av årsak. Abonnenten er sjølv ansvarleg for eige tradisjonelt telefoni- eller ISDN abonnement. Leverandør er ansvarleg for å levere trådlaus funksjonalitet for internettaksess, fysisk plassert i ruter. Abonnenten er sjølv ansvarleg for oppsett av trådlaus funksjonalitet på eige utstyr (sjå gjerne rettleiing i brosjyre frå leverandør). Linjehastigheita vil vere inntil den bestilte hastigheitsklasse. Breibandstilgangen skal leverast til ein definert kilobit per sekund rate. Abonnenten må pårekne at effektiv linjehastigheit kan vere noko lågare enn den definerte hastigheita på grunn av signaltap på linja. Leverandør kompenserer etter evne signaltapet på linja, dersom ikkje anna er spesifisert, men særleg i periodar med stor belastning på nettet vil Abonnenten kunne oppleve å få dårlegare kapasitet og hastigheit enn opplyst i prislista. Ved bruk av trådlaust kan ein ikkje rekne med å få like høg kapasitet og stabilitet som med bruk av nettverks-kabel. Breibandstilgang skal leverast til nettermineringspunktet (NTP). NTP blir definert som overgangen mellom netteigar sitt nett og privat nett. NTP kan vere plassert utanfor eller straks etter gjennomslag i mur/vegg til bygget der breibandstilgang er bestilt (’Grunnmursprinsippet’). Intern kabling og modifikasjon av telefonuttaket som måtte vere nødvendig for å levere breiband til bustaden er Abonnenten sitt eige ansvar. Om Abonnenten ønskjer framføring av nye kablar og kontaktar i samband med oppkopling eller installasjon av DSL-ruter må Abonnenten betale tillegg for dette, ut over etableringsprisen frå Leverandør, i samsvar med Leverandør eller underleverandør sine gjeldande prisar for dette.
 
3.2
Leverandør vil halde nettverkskontroll og analyse av nettrafikk samt følgje interne prosedyrar for å overvake nettet.
 
3.3
Leverandør kan fritt endre omfanget på tilbodet og tekniske spesifikasjonar for produktet, men skal varsle Abonnenten om dette på førehand.
 
3.4 Leveranse
Ved bestilling av breibandsabonnement vil Abonnenten få oppgitt ein forventa leveransedato. Dersom venta leveranse blir endra, vil Abonnenten få melding om dette samt ein ny forventa leveranse. Ved ei vesentleg forseinking av forventa leveranse kan kunden heve kjøpet, jf. vilkåra punkt 12.4. Kunden skal gi melding om heving av kjøpet innan rimeleg tid etter at ei forseinking er meldt. Det ligg føre visse avstandsavgrensingar for leveranse av produktet. Ligg Abonnenten utanfor disse avgrensingane, er Leverandør ikkje forplikta å gjennomføre leveransen.
 
3.5 Installasjon
Abonnenten er ansvarleg for at teleutstyr som han, eller nokon han svarar for, koplar til Abonnenteininga, er godkjent. Abonnenten må ikkje gjere inngrep i Abonnenteininga eller i Leverandør sitt nett, under dette gjeld også omprogrammering av Abonnenteininga eller endringar i konfigurasjonen.
 
3.6
I samband med tilknyting til Leverandør sitt nett og installasjon av Abonnenteining har Leverandør fri rett til nødvendige installasjonar og linjeføring på, i og gjennom Abonnenten sin eigedom. Det blir ikkje ytt kompensasjon til Abonnenten for slike ulemper. Abonnenten må sjølv ordne og koste nødvendig framføring av elektrisk kraft (230V AC).
 
3.7
Ved pålegg frå Leverandør må Abonnenten gi Leverandør tilgang til lokala sine, i det omfanget det er rimeleg og relevant for Leverandør si oppfylling av kontrakten. Dersom installasjonen ikkje kan gjennomførast grunna forhold som skuldast Abonnenten, betalar Abonnenten eit gebyr for oppmøtet.
 
3.8
Om det, etter at Leverandør har meldt frå til Abonnenten at han kan levere tenesta, skulle vise seg at Leverandør likevel ikkje utan urimeleg bruk av ressursar kan levere tenesta eller ikkje utan urimeleg bruk av ressursar kan levere tenesta til fastsett tid, er Leverandør ikkje ansvarleg for tap Abonnenten lir som følgje av forseinka eller utelaten levering. Leverandør er heller ikkje ansvarleg for problem med bruk av tenesta eller anna som er ein følgje av inngrep i Abonnenteininga. Leverandør er heller ikkje økonomisk ansvarleg for eventuelle utbetringar i koparnettet til 3-dje part, vidare overfor kunden. Dette kan verte aktuelt hos nokre kundar, der kvaliteten på linjene inn til huset er av ei slik forringing eller at det er utstyr på linja som hindrar ei levering til kunden. Leverandør er pliktig til å opplyse kunden om denne utbetringa og kostnaden i samband med det som 3-dje part må gjere, før abonnementet blir operativt hos kunden. Kunden står då fritt til å akseptere denne kostnaden og få levert produktet sitt eller avslå kjøpet. Produktet kan då heller ikkje bli levert.
 
3.9
Der du som abonnent har valt "leveranse med montør", inneber dette at montøren vår koplar modemet til eksisterande linje inne i huset. Tilkopling vidare inne i huset slik som til lokalt nettverk eller PC, er ikkje inkludert i leveransen. Dersom dette er ønskjeleg, kan montøren vår utføre slikt arbeid som då vert fakturert etter medgått tid og materiell. Det vil vere ein fordel at ein gir melding om dette før montøren kjem, og det kan foreksempel diskuterast når montørfirmaet likevel tek kontakt med kunde for å avtale nærmare monteringstidspunkt.
 
4 Prisar og Betaling
 4.1 Abonnementsprisar
Abonnenten betalar eingongs etableringspris, samt månadleg abonnementsavgift. Prisane går fram av Leverandør sine til ei kvar tid gjeldande prisliste. Etableringsavgift for vedkomande teneste skal betalast ved første faktura. Prisendringar skal varslast i samsvar med punkt 10 nedanfor. Ved eventuell auke av prisane skal Abonnenten varslast skriftleg minst ein månad før endring trer i kraft. Varsel utsendt til Abonnenten si e-postadresse eller på faktura blir rekna som skriftleg varsel. Ved utløpet av ein kontrakt held Abonnenten fram med ei løpande kontrakt med eksisterande månadspris fastsett av tidlegare kjøpt type abonnement, dersom Abonnenten ikkje har avbestilt abonnementet. Abonnenten kan også velje å teikne ein ny tidsbestemt kontrakt.
 
4.2
Abonnementsavgift er den månadlege leigeavgifta for vedkomande teneste, utrekna frå det tidspunktet Abonnenteininga er installert, eller blir teke i bruk, og skal betalast forskotsvis for ein månad om gongen. Prisane for desse ytingane går fram av dei til ei kvar tid gjeldande prislistene frå Leverandør.
 
4.3
Ved val av elektronisk faktura (eFaktura, SMS- og e-postfaktura) blir det ikkje berekna fakturagebyr. Ved innkrevjing via bank-/ postgiro kjem fakturagebyr i tillegg, sjølv om ein har valt å bruke autogiro.
 
4.4 Betaling
Betaling skal skje seinast ved forfall som oppgitt på faktura. Ved betalingspåminning kjem purregebyr i tillegg, i samsvar med §9 i inkassolova av 13.05.88. Leverandør kan forlange sikkerheit for betaling av avgifter. Ved forseinka betaling blir det rekna morarenter i samsvar med lov om forseinking av 17.12.76.
 
4.5 Stenging
Ved manglande betaling blir Abonnenteininga stengt med ein gong, og blir ikkje opna før innbetaling er registrert hos Leverandør. Abonnenteininga kan også stengjast dersom det er manglande betaling for andre tenester frå Leverandør. Abonnenten får ikkje frådrag i fastavgifta, for den tida Abonnenteininga har vore stengt som følgje av manglande betaling. Tilsvarande stenging kan setjast i verk av Leverandør om det ligg føre misleghald som omtala i bokstav b til d nedanfor i vilkåra punkt 14 eller om Abonnenten har aktivitetar, under dette ”spamming”, distribusjon av uønska innhald, innbrot og forsøk på innbrot, som kan gjere tenestekvaliteten dårlegare for andre brukarar. Ved stenging vil kunden bli informert av Leverandør. Dersom eit stengt samband blir gjenopna, vil det kome til eit gjenopningsgebyr ifølgje prisliste.
 
4.6
Leverandør har rett til å prisregulere Abonnementet med varsel ein månad på førehand. Abonnenten sin bruk av Tenesta etter at reguleringa har teke til, blir å sjå på som aksept av ny pris. Dersom Abonnenten ikkje godtek den nye prisen, har Abonnenten rett til å seie opp denne avtalen, jf. pkt. 8.
 
4.7
Dersom offentlege avgifter, opphavsrettslege avgifter o.l. for dei ytingar som følgjer av denne avtalen blir høgre for eller pålagd Leverandør, har Leverandør rett til å setje prisen på Abonnementet tilsvarande opp med varsel ein månad på førehand, jf. pkt. 10.1.
 
5 Fakturering
Etableringspris blir fakturert saman med første fakturering av abonnement. Abonnentar blir fakturert forskotsvis pr. månad. Første faktura vil dekkje etablering og abonnement frå tilknytingstidspunktet og fram til og med månaden etter fakturaforfall. Tilleggstenester blir også fakturert pr. månad.
 
6 Betalingsplikta til kunden
Den som er registrert som kunde hos Leverandør, er ansvarleg for betaling av dei ytingar Leverandør eller Leverandør sine samarbeidspartnarar leverer i samsvar med desse vilkåra. Ansvaret omfattar også andre sin bruk av kunden sitt abonnement, under dette uvedkomande sin bruk, så framt det ikkje kan påvisast at uvedkomande sin bruk er mogleggjort gjennom uaktsemd frå Leverandør si side.
 
7 Rettar og plikter
7.1 Abonnenten sine rettar og plikter
Abonnenten er sjølv ansvarleg for alt tele- og datautstyr som i tillegg til Abonnenteininga er nødvendig for å nytte Tenesta. Alle nødvendige endringar i eller utviding av Abonnenten sitt utstyr skal kostast av Abonnenten. Det same gjeld også ved endringar av spesifikasjonar i Leverandør si Abonnenteining. Abonnenten er ansvarleg for nødvendig straumuttak, maks. 1 meter frå der Abonnementeininga skal plasserast. Dersom Abonnementeininga skal plasserast ved telefonuttak som ikkje er tilrettelagt xDSL, må Abonnenten stå for ekstra kostnader i samband med dette.
 
7.2
Abonnenten pliktar å halde Abonnenteininga forsikra til full verdi, og i samsvar med vanleg kombinert innbuforsikring.
 
7.3
Abonnenteininga er Leverandør sin eigedom, og er merkt med dette. Merkinga må ikkje fjernast. Abonnenteininga kan ikkje seljast, leigast ut, lånast ut eller på annan måte overdragast, heller ikkje pantsetjast.
 
7.4 Varsel
7.4.1
Abonnenten skal omgåande melde frå om adresseendring. Det same gjeld ved endring av bankgirokonto dersom betaling av Abonnementet skjer ved direkte belastning (autogiro).
 
7.4.2
Endringar som har verknad for abonnementet skal om mogleg meldast til Leverandør 6 veker før endringa trer i kraft.
 
7.4.3
Abonnenten er ansvarleg for tap og skadar på Abonnenteininga så lenge ho er i hans eige, og skal utan opphald varsle Leverandør dersom tap eller skade skjer. Skade på Abonnementeininga som er knytt til brann, lynnedslag, straumutfall, vasslekkasjar, flaum og liknande, er Abonnenten ansvarleg for. Dersom Abonnenten må ha ny Abonnementeining som følgje av dette, blir det fakturert gebyr i samsvar med gjeldande prisliste.
 
7.4.4 Leverandør sine rettar og plikter
Leverandør pliktar i størst mogleg grad å oppretthalde signaltilførselen til utgangen på Abonnenteininga. Tilgjengelegheit for Tenesta, opningstider for kontakt vedkomande feil samt feilrettingstider går fram av særskilt produktinformasjon tilgjengeleg på Leverandør sine web-sider.
 
7.4.5
Ved brot i signalførselen i Leverandør sitt nett har Abonnenten rett til forholdsvise frådrag i fastavgifta, dersom avbrotet varer i minst 48 timar etter at Abonnenten har meldt feilen til Leverandør.
 
7.4.6
Leverandør er ikkje ansvarleg for avbrot som skuldast forhold leverandør ikkje er herre over, t.d. arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, krig, brann, lyn, straumbrot eller anna force majeure.
 
7.4.7
Frådrag for avbrot blir ikkje gitt dersom feilen skuldast utstyr tilhøyrande Abonnenten. Tilsvarande blir det heller ikkje gitt frådrag dersom feilen skuldast eller finst i Abonnenten sitt eige nett, og Abonnenten ikkje har avtale med Leverandør om service på denne delen av nettet.
 
7.4.8
Frådrag for avbrot blir heller ikkje gitt dersom Abonnenten sjølv har skuld i feil på Abonnenteininga eller andre delar av nettet.
 
7.4.9
Leverandør står fritt til å seie opp denne avtalen i samsvar med punkt 11 dersom dei offentlege rammevilkåra for overføring av teletenester i Leverandør sitt nett blir endra.
 
7.5 Flytting
Abonnenteininga skal berre nyttast på den adressa som er oppgitt på leigeavtalen. Abonnenteininga skal ikkje fjernast frå denne adressa utan skriftleg samtykke frå Leverandør, unnateke når det skal returnerast til Leverandør. Abonnenten kan ta med seg abonnementet dersom Abonnenten flyttar til ein bustad tilknytt Leverandør sine sentralar og ei linje med kvalitet og kapasitet som tilfredsstiller krava til installering av DSL. Abonnenten må då betale ein flyttepris etter gjeldande prisliste. Dersom abonnementet ikkje blir flytta til Abonnenten si nye adresse og abonnementet ikkje blir overdrege, sjå eige pkt. 11.1, må abonnementet seiast opp.
 
8 Oppseiing
8.1
Nyoppretta abonnement kan ikkje seiast opp av Abonnenten før det har gått minst tolv månader etter installasjon, dersom ikkje anna er avtalt eller følgjer av vilkåra. Deretter kan Abonnenten seie opp avtalen med skriftleg varsel 1 månad på førehand.
 
8.2
Dersom Abonnenten ikkje godtek prisauke som nemnt i pkt. 4.6, har Abonnenten rett til å seie opp avtalen med verknad straks, ved at Abonnenteininga blir tilbakeført til Leverandør. Abonnementet blir belasta inntil Abonnementeininga er tilbakeført til Leverandør.
 
8.3
Leverandør kan seie opp avtalen med skriftleg varsel til Abonnenten 1 månad på førehand. Som gyldig oppseiingsgrunn skal alltid reknast at Leverandør ikkje lenger er i stand til å oppretthalde Abonnenten si tilknyting til nettet sitt.
 
8.4
Leverandør har rett til å seie opp avtalen med ein gong, eller mellombels stengje for tenesta, dersom Abonnenten opptrer i strid med gjeldande offentleg rettslege reglar for teletenester, eller grovt misbrukar tenesta, under dette nyttar tenesta til sjikane.
 
8.5
Leverandør har rett til å seie opp avtalen med ein gong dersom Abonnenten ikkje overheld vilkåra.
 
8.6
Ved tilbakeføring av Abonnenteining til Leverandør skal denne vere i den stand ho var ved leveringa.
 
8.7
Det blir ikkje gitt refusjon av etableringsavgift eller Abonnement ved oppseiing.
 
9 Heving av avtalen
9.1
Ved vesentleg misleghald av partane sine plikter kan avtalen hevast utan varsel og med verknad straks.
 
9.2
Leverandør har rett til å heve avtalen, stengje for tenesta og krevje Abonnenteininga tilbake, dersom abonnementet ikkje blir betalt i rett tid, eller Abonnenten på annan måte er skuldig i vesentleg misleghald av avtalen, slik som ulovleg inngrep i Abonnenteininga eller misbruk av nettet.
 
9.3
Leverandør kan også heve avtalen dersom andre tenester frå Leverandør ikkje er betalt.
 
9.4
Hevar Leverandør avtalen, er Abonnenten forplikta til å betale alle forfalne fakturaer. l tillegg kjem utgifter til eventuell henting av Abonnenteininga, samt renter og inkassogebyr. Abonnenten skal dessutan erstatte eventuelle andre tap som Leverandør har fått som følgje av misleghald.
 
10 Endringar frå Leverandør si side
10.1 Varslingsfristar
Vesentlege driftsforstyrringar som Leverandør kan sjå på førehand eller kontrollere, overdraging av kontraktsposisjon i medhald av vilkåra sitt pkt. 11.2, endringar av vilkåra som ikkje er til kunden sin fordel, samt auke i prisane, vil bli varsla av Leverandør minst 1 månad på førehand. Også andre forhold ved tenesta som vedkjem Abonnenten vil bli varsla i rimeleg tid. Leverandør kan likevel late vere å varsle eller gi kortare varsel, dersom offentleg rettslege reglar eller omsynet til andre kundar, hindrar Leverandør frå å varsle minst 1 månad på førehand. Leverandør har rett til utan føregåande varsel å stengje Abonnenten sin tilgang til nettverket dersom Leverandør får kjennskap til at Abonnenten misbrukar tenesta til spreiing av barneporno, rasistiske ytringar, ærekrenking eller brot på opphavsrettar. Ved manglande betaling, vil tenesta bli stengt umiddelbart.
 
10.2
Varsel blir sendt til kunden si registrerte e-postadresse med mindre anna er avtalt.
 
11 Overdraging
11.1 Overdraging frå Abonnenten
Abonnenten kan overføre abonnementet til ny abonnent ved å gi skriftleg melding om dette til Leverandør 6 veker før overdraging skal skje. Ny abonnent må overfor Leverandør stadfeste at vedkomande overtek pliktene. Overdraginga kan finne stad 6 veker etter at skriftleg stadfesting er motteke frå både overdragande og overtakande Abonnent. Ved dødsfall eller dersom Abonnenten har flytta frå husstanden og tidlegare sambuar/ektefelle har disponert abonnementet i minst eit år, kan overdraging av abonnement likevel finne stad utan omkostningar ved melding frå den som ønskjer å overta abonnementet. Abonnenten er forplikta av desse vilkåra inntil ny abonnent er registrert. I alle tilfelle er overdraging på vilkår av Leverandør si godkjenning. Overdraging av abonnement kan ikkje finne stad til ny adresse. Pkt. 7.5 må følgjast. Overdraging av abonnement vil bli fakturert i samsvar med gjeldande prisliste.
 
11.2 Overdraging frå Leverandør
Leverandør har rett til å kunne overdrage sine rettar og plikter knytt til abonnementet til ein annan eigna leverandør dersom dette ikkje er urimeleg for kunden.
 
12 Feil eller manglar ved produktet
12.1 Reklamasjon
Før feil blir meldt til Leverandør, bør Abonnenten undersøkje om feilen skuldast forhold på kunden si side. Dersom Abonnenten kan godtgjere at produktet ikkje fungerer slik Leverandør har gjort greie for at det skal gjere, må Abonnenten melde dette til Leverandør slik at Leverandør kan setje i verk tiltak for hjelp, sjå neste punkt. Abonnenten misser retten sin til å gjere ein mangel gjeldande dersom han ikkje gir Leverandør melding innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen.
 
12.2 Avhjelp
Leverandør skal snarast mogleg etter å ha blitt kjent med ein mangel ved produktet levert av Leverandør, setje i verk tiltak for å rette på mangelen. Dersom Abonnenten på eige initiativ set i verk tiltak for å utbetre mangelen ut over det som måtte vere avtalt med Leverandør, betalar ikkje Leverandør desse utgiftene.

12.3 Erstatning

12.3.1 Direkte tap
Leverandør er ansvarleg for direkte tap som skuldast mangel ved tenesta. Dette gjeld likevel ikkje dersom Leverandør godtgjer at mangelen skuldast forhold utanfor Leverandør sin kontroll, og som Leverandør ikkje med rimelege grunnar kunne ventast å unngå eller overvinne følgjene av. Med direkte tap er meint nødvendige og dokumenterte meirutgifter som Abonnenten er påført som ein følgje av mangelen. Leverandør er også ansvarleg for skade som er gjort ved aktløyse av Leverandør på Abonnenten sin eigedom og eigedelar elles, ved montering, installasjon og kabelføring og som overskrid det som er nødvendig for monteringa.
 
12.3.2 Indirekte tap
Leverandør er ikkje ansvarleg for indirekte tap som følgje av manglar med mindre tapet er gjort ved grov uaktsemd eller forsett frå Leverandør si side. Som indirekte tap blir rekna:

a. tap som følgje av minska eller opphøyrt produksjon eller omsetning (driftsavbrot)

b. tap som følgje av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som tenkt (avkall)

c. tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje blir rett oppfylt

d. tap som følgje av skade på anna enn utstyr levert av Leverandør og gjenstandar som utstyret blir brukt til framstilling av

eller som har nær og direkte samanheng med bruken ein føreset for utstyret.

12.3.3 Leverandør sitt samla ansvar
Leverandør sitt samla erstatningsansvar er avgrensa til kr 5 000,- for kvart tilfelle, med mindre tapet skuldast grov aktløyse frå Leverandør si side.
 
12.3.4
Abonnenten eller andre som har tilgang til den utplasserte ruteren, er ansvarlege for tap og skade av ruteren. Ved tap eller uoppretteleg skade pliktar Abonnenten å erstatte ruteren, med ein sum i følgje prisliste.
 
12.3.5
Abonnenten må sjølv verne tele- og datautstyret sitt mot uvedkomande. Leverandør er ikkje ansvarleg for tap som direkte eller indirekte kan tilbakeførast til uvedkomande sin bruk av tenesta hos Abonnenten.
 
12.4 Heving
Abonnenten kan omgåande heve avtalen ved vesentleg misleghald frå Leverandør si side.
 
13 Behandling av personopplysningar
13.1 Innhenting og bruk av personopplysningar
Ved bestilling av abonnement vil dei opplysningar som Abonnenten oppgir, bli lagra i Leverandør si kundebase. Det vil også bli innhenta kredittvurdering av kunden, jf. vilkåra punkt 1.4. Opplysningane blir lagra til bruk ved levering av tenesta, varsling i samsvar med vilkåra punkt 10 og fakturering. Abonnenten vil på førespurnad kunne få opplyst kva for opplysningar Leverandør til ei kvar tid har lagra om Abonnenten, og krevje urette eller ufullstendige opplysningar retta.
 
13.2 Teieplikt
Leverandør og dei tilsette hos Leverandør har teieplikt om opplysningar vedkomande Abonnenten sin bruk av produktet og om innhaldet i Abonnenten sin kommunikasjon på nettet. Slike opplysningar kan likevel utleverast med Abonnenten sitt samtykke, eller gjevast til domstolane, påtalestyresmakta eller andre offentlege styresmakter når Leverandør er rettsleg forplikta til å utlevere slik informasjon.
 
14 Heving
14.1
Leverandør kan umiddelbart heve avtalen og krevje ruteren utlevert ved vesentleg misleghald frå Abonnenten si side. Vesentleg misleghald kan for eksempel liggje føre dersom kunden;

a. ikkje betalar etter andre gong med purring,

b. brukar utstyr som ikkje er typegodkjent,

c. brukar Tenesta i strid med offentleg rettslege reglar, eller

d. på annan måte grovt misbrukar tenesta, under dette ved brot på opphavsmenn sine rettar.

Spreiing av barneporno, rasistiske ytringar og ærekrenkingar kan vere brot på offentleg rettslege reglar, medan krenking av opphavsrettar vil kunne vere både brot på offentleg rettslege reglar og brot på opphavsmannen sine rettar. Abonnenten blir fakturert for ruter som ikkje er levert i retur, i følgje prisliste.

15 Ekstraordinære brukaravgrensingar
15.1
Leverandør har rett til å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i Tenesta som blir sett på som nødvendige av tekniske, driftsmessige eller vedlikehaldsmessige årsaker. Leverandør skal gjere alt han kan for å varsle om slike tiltak i god tid før dei skal gjennomførast.
 
15.2
I naudsituasjonar, under dette force majeure, alvorlege truslar mot helse, sikkerheit eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streik eller lockout, samt alvorleg fare for sabotasje mot nett eller tenester, har Leverandør rett til å gjennomføre avbrot eller avgrensingar i tenesta, samt å avskjere tilgangen til denne for nye kundar.
 
15.3
Leverandør er utan ansvar for kostnader eller tap som Abonnenten måtte bli påført som følgje av dei nemnde tiltaka.
 
16 Særskilte vilkår for Internettabonnement
16.1
Via Internett kan Abonnenten få tilgang til varer, tenester og transaksjonar som blir tilbode frå andre enn Leverandør. Leverandør har ikkje ansvar for slike varer, tenester eller transaksjonar, og det er Abonnenten sitt eige ansvar å sørgje for eventuell betaling av desse.
 
16.2
Det er likeeins Abonnenten sitt eige ansvar å sikre seg mot misbruk av kredittkort når dette blir nytta som betalingsmiddel via Internett. Dette gjeld også ved bruk av internett over Tussa Breibandssoner (trådlause soner).
 
16.3
Leverandør verken garanterer eller støttar noko produkt, tenester, transaksjonar eller innhald som blir distribuert eller reklamert for via tenesta, med mindre dette er uttrykkeleg uttrykt eller avtalt.
 
16.4
Leverandør kontrollerer ikkje informasjonen som blir sendt gjennom Leverandør sitt nett, og kan ikkje haldast ansvarleg for skade, manglar eller tap hos Abonnenten som skuldast slik informasjon.
 
16.5
Ved installasjon hos Abonnenten kan Leverandør vere nøydd til fysisk å opne Abonnenten sin datamaskin. Når nettverkskort og programvare blir installert på denne, kan systemfilane bli modifisert. Leverandør garanterer ikkje at installasjonen ikkje kan medføre forstyrringar av maskinen sine funksjonar eller tap av filer. Det er Abonnenten sitt eige ansvar å sørgje for kopiar (backup) av aktuelle filer før installasjonen, dersom dette er påkravd. Leverandør er ikkje ansvarleg for tap som direkte eller indirekte kan tilbakeførast til installasjonen, med mindre Leverandør har handla aktlaust.
 
16.6
Om nye tekniske standardar gjer det nødvendig å bytte ut noverande Abonnenteining, skal Abonnenten sjølv sørgje for å bringe den gamle og hente den nye Abonnenteininga.
 
16.7
Oppstår det feil på Abonnenteininga, kan dette bytast fritt hos Leverandør så lenge denne avtalen består. Abonnenten skal sjølv bringe og hente Abonnenteininga i samband med bytte.
 
16.8
Leverandør vil også kunne yte nødvendig heimeservice ved feil på Abonnenteininga. Skuldast feilen at bruksrettleiinga ikkje er følgt, kjem eit servicegebyr i tillegg. Heimeservice skal utførast etter dei til ei kvar tid gjeldande timesatsar hos Leverandør.
 
16.9
Dersom Abonnenten ønskjer å bytte si Abonnenteining av andre årsaker enn teknisk feil, kjem det i tillegg eit gebyr for kontroll av innlevert Abonnenteining.
 
16.10
Ved oppseiing eller heving av denne avtalen skal Abonnenteininga straks leverast tilbake til leverandør.
 
17 Tvist
Tvistar mellom Abonnenten og Leverandør skal partane prøve å løyse minneleg. Dersom tvisten ikkje lar seg løyse ved forhandlingar kan kvar av partane bringe tvisten inn for Brukerklagenemnda for elektronisk kommunikasjon, eller dei ordinære domstolane.
 
NÅR ANGREFRISTEN TEK TIL
Opplysningane etter angrerettloven kapittel 3 er mottekne på rett måte når krava i § 9 jf. § 7 er oppfylte og dette skjemaet er motteke ferdig utfylt med dei opplysningane tenesteytaren skal fylle ut. Sjå utdrag frå §§ 9 og 7 nedanfor.

§ 9. Opplysningsplikt ved avtaleinngåing

I samband med inngåing av ein avtale skal forbrukaren motta følgjande opplysningar lesbart og lagra på papir eller anna varig medium som forbrukaren rår over

a. opplysningane som nemnt i § 7 første ledd bokstav a-f

b. vilkåra og framgangsmåten for, samt verknadene av å nytte angreretten

c. opplysningar om eventuell ettersalsservice og gjeldande garantivilkår

d. vilkår for oppseiing av avtalen dersom han er tidsuavgrensa eller av meir enn eitt års lengd

e. stadfesting av bestillinga

Ved avtalar om tenester skal opplysningane gjevast snarast mogleg etter avtaleinngåinga. Opplysningane etter bokstav b-e skal uansett gjevast etter avtaleinngåinga, sjølv om dei er gitt på denne måten tidlegare.

§ 7. Opplysningsplikt før avtaleinngåinga

Før det blir inngått ein avtale skal forbrukaren motta opplysningar som forbrukaren har grunn til å rekne med å få, under dette opplysningar som forbrukaren har krav på etter annan lovgjeving. Forbrukaren skal i alle fall ha opplysningar om:

a. varen eller tenesta sine viktigaste eigenskapar

b. dei totale kostnadene forbrukaren skal betale, inkludert alle avgifter og leveringskostnader, og spesifikasjon av dei enkelte elementa i totalprisen

c. om forbrukaren har rett til å gå frå avtalen (angrerett) eller ikkje

d. alle vesentlege avtalevilkår, under dette om betaling, levering eller annan oppfylling av avtalen samt om avtalen si lengd når avtalen gjeld løpande ytingar

e. seljaren eller tenesteytaren sitt namn og adresse

f. tidsrommet tilbodet eller prisen er gyldig i

OPPGJER OG RETURKOSTNADER VED BRUK AV ANGRERETTEN
Tenesta tek til før angrefristen går ut i dei tilfella der Tussa har starta registrering av xDSL-linja, med den verknad at du ved bruk av angreretten skal betale for den delen av tenesta som er utført.

Eventuelle kostnader ved retur av varer skal berast av tenesteytaren dersom avtalen er inngått ved telefonsal eller sal utanfor fast utsalsstad (t.d. dørsal, gatesal, messesal eller "homeparties"). Dersom avtalen er inngått ved anna fjernsal enn telefonsal (t.d. postordresal, internettsal og tv-shopping), må du bere returkostnadene sjølv, med mindre tenesteytaren har misleghalde avtalen eller tenesteytaren etter avtalen har levert ei erstatningsvare fordi den bestilte vara ikkje var tilgjengeleg.

OPPGJER OG RETURKOSTNADER VED BRUK AV ANGRERETTEN
Angrerettloven grip ikkje inn i rettar du har etter mellom anna handverkartenesteloven, dersom det skulle oppstå manglar eller forseinkingar. Forbrukarrådet kan rettleie deg om desse reglane, tlf. 815 58 200. Internettadresse: http://www.forbrukerportalen.no