(19.06.2019)
 

Har du også fått automatisk oppretting av eFaktura?

Vi har den siste tida hatt stor pågang frå kundar som har motteke eFaktura i nettbanken sin utan at dei sjølv har inngått avtale om dette.

Årsaka til dette er at alle nettbankar no har løysingar for automatisk oppretting av eFaktura.

Automatisk oppretting av eFaktura.
Autogenererte skjema dukkar opp i det du loggar deg inn i nettbanken for å betale rekningar. Dersom dette skjemaet vert fylt ut, vert dette vidareformidla og aktivert hos Nets som har ansvar for eFaktura. Det vert då oppretta eFaktura, sjølv om du ikkje aktivt har bedt om det.
 
eFaktura følgjer fødselsnummeret ditt, og eFaktura vil dermed dukke opp i alle bankar du har eit kundeforhold til. Du kan sjølv velje kva konto fakturaen skal betalast frå.
 
For å avslutte ei eFakturaavtale må du logge deg inn i nettbanken og avslutte ho derfrå.
For at det ikkje skal bli oppretta eFakturaavtale igjen ved neste betaling, er det viktig at du i tillegg avsluttar den automatiske registreringa av eFaktura.
 
Måten du kan avslutte dette på varierer frå bank til bank. Vi har sjekka dette med 4 ulike bankar:
  • Sparebank1 Søre Sunnmøre: Kontakt banken
  • Nordea: Kontakt banken
  • Sparebanken Møre: Kan avslutte sjølv i nettbanken (Meny – betalingsavtaler – alt om avtalegiro og efaktura)
  •  DNB: Kan avslutte sjølv i nettbanken (Betale og overføre – slette/endre avtale – Alltid efaktura)

Dersom du har lasta ned og brukar Vipps, vert det oppretta eFaktura dersom «Alltid Vipps eFaktura» er aktivert (Profil – betalingsvalg – efaktura i nettbank og apper – Alltid Vipps eFaktura). Det er difor viktig at du deaktiverer dette dersom du ikkje ønskjer eFaktura.

Faktura i Vipps
Vi har også hatt stor pågang frå kundar som lurer på kvifor dei har fått fakturaen sin i Vipps. Dette gjeld kundar som er registrert med eFaktura hos oss.
For å avslutte må du deaktivere dette i Vipps (profil – betalingsval – motta regninger i Vipps).
 
-------
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300