Turtips i Volda; Vadsteinsætra

 

Vadsteinsætra frå Vadstein

Lengde: 3,4 km tur/retur
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 505 moh
Total stigning: 466 meter
 
Dette er den vanlege ruta opp til sætra frå Vadstein. Stien har jamn og bratt stigning med ein litt utydleg sti, særleg i starten. Du får ein variert tur i nokså uberørt natur, med flott utsikt mot Austefjorden.
 

Korleis kome seg dit turen startar

Køyr frå Volda sentrum mot Stryn/Austefjorden (RV 651). Like før Hjartåbygdtunnellen følgjer du skiltinga mot Hjartåbygda, og køyrer Hjartåbygdvegen nokre hundre meter innover. På nedsida av vegen like før svingane ligg det ein gard. I dette området kan du parkere. Du finn stien på oppsida av vegen (sjå etter skilt).
 

Parkering

Det er plass til å parkere på nedsida av vegen der turen startar.

 

Start

Start ved skiltet Vadsteinsætra og følg gjerdet oppover. Ved enden av gjerdet skråar du oppover mot første høgda. Stien er litt utydeleg, men det går greitt å finne ein veg opp. Oppe på høgda går stien vidare mellom to store steinblokker. Frå steinblokkene og oppover er stien meir tydeleg. Følg elva oppover på venstre side. Når du når om lag 300 høgdemeter kryssar du elva over den lisje steinbrua. Stien vidare er greit å finne, du skal krysse elva ein gong til. Når du nærmar deg sætra er terrenget meir myrlendt, noko som gjer stien litt vanskelegare å finne. Førsta myra skal du skråe over. Vidare ser du stien greitt. Skulle du miste den er det likevel greit å finne vegen til sætra. Stien går på ein rygg på nordsida av vatnet som ligg like nedanfor sætra.
 
NB! Kjem du til eit skilt til Åseskaret må du IKKJE følgje den skiltinga. Stien er attgrodd og terrenget bratt!
 
 

 

Kjelde: mrfylke.no/Morotur
 
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300