Turtips i Sande; Nipa/Gjøna

Dette er ein tur som gir deg fantastisk utsikt over heile ytre søre og havet.

Nipa/Gjøna

Lengde: 7,6 km
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Høgdemeter: 529 meter
 
Nipa/Gjøna gir fantastisk utsikt over heile ytre søre og havet. Turen er litt lang og har bratte parti, men er vel verdt strevet når du får nyte utsikta på toppen!
 

Korleis kome seg til der turen startar

Frå Ulsteinvik følgjer du RV61 (frå Ørsta RV653) til Myrvåg,og så mot Larsnes. I Gursken tek du av på FV10 mot Haugsbyda.
 
Frå Fosnavåg følgjer du RV654 til krysset i Stokksund og så FV10 til Moltu og vidare forbi Gjerdsvika mot Haugsbygda.
 
Startstad er Haugelia i Haugsbygda. Ta av der det er skilta til Vonheim, køyr 1 km og ta til høgre etter ei gammal skulebygning og køyr heilt til topps i Haugelia.
 

Parkering

Det er godt med parkering på toppen av byggefeltet Haugelia.
 
 

Start

Råsa byrjar i enden av den øvste vegen i byggefeltet. Gå mot nordvest, du skal forbi den første av to grinder i gjerdet. Råsa går gjennom grind nr. 2. Råsa fortset gjennom skog med litt våte parti. Oppom skogen kjem du oppå Dalen med restar av gamle vårfjøs og torvhusmurar. Derifrå følgjer råsa den gamle kløvvegen som er oppmura oppigjennom fjellsida.
 
Når du kjem til høgspentlinja tek du av frå råsa, og fylgjer høgspentlinja til neste stolpesett, der finn du råsa til Nipa/Gjøna, den går mot vest. Fyrst skal du over nokre torvmyrar, her kan det vere litt vanskeleg å finne råsa, men når du kjem bort til ryggen opp til Saursegga går råsa etter høgste ryggen heilt ut til Nipa/ Gjøna. Råsa opp mellom Saursegga og opp til Nipa/Gjøna kan opplevast som svært bratt. du kan ta til høgre og følgje ei rås som går på nordsida av det brattaste partiet. På toppen er det berre å nyte den flotte utsikta. NB! Det er svært bratt utføre på sørsida så ver varsam her.
 
 
 
Les meir om turen og sjå detaljert kart og bilete her: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Nipa-Gjoena-fraa-Haugsbygda
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300