Turtips i Sande; Haugshornet og Hide - Hidsdalen - Trolltua

 

Haugshornet

Lengde: 1,6 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 400 moh
 
Haugshornet ligg mellom Haugsbygda og Gjerdsvika med utsikt over Gjerdsvika og ein del av fjella i Sande. På tur til Haugshornet får du gått delar av den gamle kløv-vegen som gjekk mellom Haugsbygda og Gjerdsvika.
 

Start

Frå Ulsteinvik følgjer du RV61 (frå Ørsta RV653) til Myrvåg,og så mot Larsnes. I Gursken tek du av på FV10 mot Haugsbyda.
 
Frå Fosnavåg følgjer du RV654 til krysset i Stokksund og så FV10 til Moltu og vidare forbi Gjerdsvika mot Haugsbygda.
 
Startstad er Haugelia i Haugsbygda. Ta av der det er skilta til Vonheim, køyr 1 km og ta til høgre etter ei gammal skulebygning og køyr heilt til topps i Haugelia.
 
Råsa byrjar i enden av den øvste vegen i byggefeltet. Gå mot nordvest og gå forbi den første av to grinder i gjerdet. Råsa går gjennom grind nr. 2. Råsa fortset gjennom skog med litt våte parti. Oppom skogen kjem du oppå Dalen med restar av gamle vårfjøs og torvhusmurar. Derifrå følgjer råsa den gamle kløv-vegen som er oppmura oppigjennom fjellsida. Når du kjem til høgspentlinja går råsa etter ryggen og til toppen.
 
God tur!
 
 
 

 

 

Hide - Hidsdalen - Trolltua - Hide

Lengde: 4,3
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 280 moh
 
Flott rundtur i Gjerdsvika som passar for alle. Fin utsikt om Svinøyhavet.

 

Start

Frå Ulsteinvik følgjer du RV61 (frå Ørsta RV653) til Myrvåg, og så mot Larsnes. I Gursken tek du av på FV10 mot Gjerdsvika. Køyr forbi Gjerdsvika mot Goteneset og sjå etter skilt med Hidsdalen.
 
Frå Fosnavåg følgjer du RV654 til krysset i Stokksund og så FV10 til Moltu og vidare mot Gjerdsvika. Sjå etter skilt der det står Hidsdalen.
 
Parker ved vegen der skilt mot Hidsdalen er plassert, eventuelt møteplass 100 meter lenger mot nord.
 
Turen startar ved hovudvegen. Følg grusvegen mot Hidsdalen ved brua er det skilta og merkt sti til Trolltua. Frå Trolltua er det skilta og merkt sti tilbake til utgangspunktet. Turen går delvis på grusveg og godt rydda og merkt sti. Om vêret er tørt er denne turen grei med joggesko, men fjellsko er anbefalt.
 
 
 
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300