Turtips i Ørsta; Veirahaldet og Åmskaret

Topptur til Veirahaldet, eller trimtur/familietur til Åmskaret. Vel ein lett eller ein litt krevjande skitur.

Start

Ørsta skisenter ligg ved Bondalseidet mellom Ørsta og Sæbø. Avkøyrsel til skisenteret er skilta ved hovudvegen. 
 
På parkeringsplassen til skisenteret er det parkeringsavgift (Skisenteret vert kalla Bondalseidet).
 
 

Topptur til Veirahaldet (1206 moh)

Utstyr:     Ski som er godt eigna for topptur (Telemark, Randonnee osb.)
Lengde:   550 m stigning frå Eitrefjellet (toppen på første skitrekket)
                 350 m stigning frå Nottane (toppen av andre skitrekket)
 
Veirahaldet ligg bak det øvste skitrekket i Nottane. Frå toppen av skitrekket er det under 350 hm til topps, frå Eitrefjellet får du i underkant av 550 m stigning. Den sørvendte fjellsida opp til Veirahaldet er for det meste slakk, her får du sjeldan gå utan å treffe skispor. Dette er ein av dei mest populære toppturane med ski på beina i Ørsta.
 
Fjellet har faktorane på si side: lett tilgjengeleg, tilrettelagt, lett rute, solrikt og svært god utsikt. Før skoggrensa på returen er det enklast å følgje ein av skitrekktraseane tilbake til parkeringa. Lisje Veirahaldet (988) ligg ein god km lenger vest, ein tur utom denne toppen bør gjerast helst på veg opp for å få samanhengjande nedkøyring frå toppen.
 
 
 

Skitur til Åmskaret (480 moh)

Utstyr:    Langrennski
Lengde:  12 km, preparerte løyper i lett terreng
 
Preparert skiløype som er merkt med rute til Åmskaret startar ved skitrekket. Det vert preparert frå lengst ut i lysløypa og mot Åmskaret når det er nok snø. Dette er ein flott søndagstur for store og små. Litt bakkar, men eignar seg godt å ta med dei minste i pulk. Passar godt også for litt større barn. Fin treningstur for dei som er litt meir trena.
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300