Turtips i Ørsta; Topptur til Nordre Sætretind

 

Nordre Sætretind

Lengde: 5 km
Vanskelegheitsgrad: Ekspert
Høgdemeter: 1365 moh
Tid: Dagstur
Utstyr: Ski, isøks og stegjern
 
Nordre Sætretind er nabotoppen til den populære Kolåstinden, og er ein topptur av beste kvalitet. Nordre Sætretind har blitt ein hyppig besøkt sunnmørstopp dei siste åra. Det betyr ikkje at det er ein lett og grei tur. Ikkje minst dei siste 50 høgdemetera før toppen er krevjande.
 

Start

Frå Standalhytta. Standalhytta er eit godt utgangspunkt for fleire toppturar i området. Frå Festøya køyrer du til Store Standal. Derifrå er det om lag ti kilometer til hytta. Frå Ørsta/Volda køyrer du innover Follestaddalen til Kolåsen. Derifrå er det omtrent tre kilometer til hytta. Standalhytta er ei av hyttene til Turistforeininga og er ubetjent heile året med 12 sengeplassar. Du kan lese meir om hytta her: http://www.ut.no/hytte/3.1707/
 
Opp: Den første delen frå Standalhytta følgjer same rute som til Kolåstinden. Følg glenna i skogen like over eit felt med dyrka mark. Den glir etterkvart oppover ei skråning til inngangen av Kvanndalen. Følg Kvanndalen opp til Appelsinhaugen. Frå den ser du tydeleg Insterenna nesten rett nord. Den skal du opp - gjerne med skia festa på sekken. Følg ryggen søraustover mot toppen. Sjølve oppstiginga av toppen gjer du best utan ski. Her det ofte behov for isøks og kanskje også stegjern.
 
Ned: Ei fin nedkøyring går frå toppen rett aust og direkte ned i Flatdalen. Ein anleggsveg til kraftverket gjer at du slepp den tette skogen ned til Standalsdalen.
 
 
HUGS å sjekke vêr, føreforhold og skredfare!
 
OBS! Denne turen har mogleg skredfare i inngangen til Kvanndalen, under Kolåsbreen og i Insterenna. Utglidingsfare dei siste 50 metera til toppen. Skredfare under nedkjøring mot Flatdalen.
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300