Turtips i Ørsta; Skårasalen

 

Skårasalen

Lengde: 6,7 km tur/retur
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 1542 moh du startar på om lag 500 moh
Tid: 2-3 timar tur/retur
 
Dette er ein tur du kan gå heile året. Om vinteren er det ein populær tur på ski, der det er flott å renne ned til Skår. Eller ned at same vegen som du gjekk opp.
 
Ver merksam på at du må ha båt for å kome deg frå Skår tilbake til Sæbø. Du kan avtale med fergemannskapet at du vil hentast på fergeleiet på Skår. På Skår kjem ferga "berre på signal" som det står i ruteheftet. Med signal er det meint at du tek kontakt med fergemannskapet.
 

Korleis kome seg dit turen startar

Turen startar ved Kvistadsætra. Frå Ørsta køyrer du mot Sæbø. På veg frå Bondalen til Sæbø tek du av til høgre ved Kvistad og kjører på grusvei opp til sætra. Her er det ein rimeleg stor parkeringsplass.
 

Bompengar

Det er bomveg så sørg for å ha med pengar. Det kostar om lag 50,- kroner og parkere. Bompengane betalar du ved den siste garden før du startar på vegen opp Kvistaddalen.
 

Parkering

Parker på den store parkeringsplassen. Parker fornuftig og gi plass til fleire bilar då dette er ein svært populær tur.

 

Start

Frå parkeringsplassen følgjer du ein grus-/traktorvei ca. 500 meter mot sør. På toppen av bakken er det eit skilt som peikar mot Skårasalen.

Det er tett bjørkevier/kjerr dei fyrste hundre meterane. Når du er ute av "krattet" så misser du også "stien". Gå austover i starten og inn i skaret mellom Blåhornet og Skårasalen. Her er det igjen mogleg å sjå antydninger til sti, men terrenget er så lettlest at du treng ikkje å følgje nokon bestemt sti. Du kan gå rett opp, bratt eller gå meir mot nord for ei slakkare oppstiging. Det er utvilsomt best å halde seg til venstre i fonnrenna. Når du kjem opp på platået bør du gå mot skaret mot Lille Skårasalen. Herfrå går du oppover eit steinete parti mot toppen. Det ligg ein snøbre på vegen opp mot toppen. Denne kan strekkje seg langt ned i skaret, noko som kan gjere det lettare å gå tidleg om våren, då slepp du alle steinane.
 

Spesielle forhold

Dei "einaste" farene på turen er om vinteren. Då kan det vere store skavlar på topp-partiet. Beveg deg ALDRI ut på slike.
 
 

 

Kjelde: mrfylke.no/Morotur
 
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300