Turtips i Ørsta; Nordre Smørskredtind

 

Nordre Smørskredtinden

Lengde: 2,6 km
Vanskelegheitsgrad: Ekspert
Høgdemeter: 1597 moh
Tid: Dagstur
 
Smørskredtindane tårnar opp med ein gong du går ut døra på Patchellhytta. Tindane har to toppar, Store Smørskredtinden og Nordre Smørskredtinden. Turen vi beskriv her er skitur heile vegen.
 

Start

Patchellhytta, med utgangspunkt frå Strandasida. Følg skiltinga til Engeset, parker bilen ved Liasætra og gå om lag 6 km gjennom Habostaddalen til Patchellhytta. Patchellhytta er ei av hyttene til Turistforeininga, er sjølvbetjent heile året og har 72 sengeplassar. Les meir om hytta her: http://www.ut.no/hytte/3.1807/
 
Opp: Gå rett mot toppen, til venstre for steinbua første metera. Inn i motbakken bøyer du av mot venstre og legg ein lang stigetravers oppover sida. Du treng ein høgretravers også, før terrenget i om lag 1200 meters høgde flatar noko av inn mot toppveggen. Her held du til venstre opp på toppryggen, som du så følgjer heile vegen til toppen. Heile fjellsida har ei snitthelling på 40 grader, noko som gir klare føringar i forhold til skred.
 
Ned: Same fjellside som du sette spor på vegen opp.
 
NB! Sjekk alltid vêr, føreforhold og skredfare før du legg ut på topptur på ski.
 

 

Kjelde: www.ut.no
 
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300