Turtips i Ørsta; Molladalen

 

Molladalen

Lengde: om lag 3 km
Vanskelegheitsgrad: Middels til krevjande
Høgdemeter: 781 moh
Tid: Om lag 2 timar
 
Molladalen er ei eineståande oppleving. Denne kjempestore gryta mellom tindane i Sunnmørsalpane er både eit klatreeldorado og eit mangfalding toppturmål, men samtidig veldig spanande for dei som vil på teltur, fisketur eller berre nyte ei flott fjelloppleving.
 

Start

Ta av E39 ved Barstadvika og følg vegen innover Barstaddalen (det går bomveg på begge sider av dalen) fram til parkeringsplassen ved Melbøsætra/Barstadsætra.
 
Frå Melbøsætra/Barstadsætra følgjer du merkt rute langs Molladalselva, vidare bratt opp mellom Nyfjellet og Svinetind, opp til Storevatnet, som er det største vatnet i Molladalen.
 
Frå Molladalen kan du gå vidare sørover Molladalsskaret (990 moh.), over fjellryggen vest for dalen, forbi Brillevatnet og vidare ned Romedalen.
 
 
 
Kjelde: www.ut.no
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300