Turbilde stort september 2019.pngFrå toppen av Levandehornet 917 moh., Vartdal. Foto: Håvard Myklebust

Turtips i Ørsta; Levandehornet

Variert og fin tur på Vartdal med god sti. Flott utsikt til Molladalstindar, Dalsfjorden, Rovdefjorden og over Breisundet på toppen.

 

Levandehornet (917 moh)

Lengde: 4,9 km (tur/retur)
Stigning: 600 meter
Vanskelegheitsgrad: Middels
 
Variert og fin tur på god sti. På toppen er det super utsikt: mellom anna til Molladalstindar, baksida av Saudehornet, ytste del av Dalsfjorden, Rovdefjorden og utover Breisundet.


Korleis kome seg dit

Køyr på E39 Frå Ørsta til Vartdal. Køyr gjennom 50-sona. Etter MC-senteret (om lag 100 meter) er det skilta til Årset. Følg denne vegen (Sætre og Årsetdalen) nokre kilometer framover dalen, til han deler seg til Årsetvegen og Busetvegen. Ta av ned til høgre. Om litt tek du grusvegen som går rett fram. Sving til høgre der grusvegen deler seg. Bomstasjon like etter at du har svinga av. Følg grusvegen heilt til endes, ved Busetsætra. Her er romsleg parkeringsplass.
 

Bompengar

30,- kr (i 2018)
 

Parkering

Parkering ved start. God plass
 

Start

Start frå parkeringsplassen, 360 m.o.h. Gå gjennom ei grind på høgre side av plassen (når du ser mot toppen). Stien svingar til høgre like etter at du har gått gjennom grinda. Følg stien til like før Litledalsvatnet, 487 m.o.h.. Her skal du ta stien som går til venstre. Du må passe litt på når du nærmar deg vatnet så du ser kvar du skal ta av. Følg stien heile vegen til topps. Det kan sjå noko skummelt ut siste sida til topps, men stien går godt innpå kanten og det er tydeleg å sjå kvar du skal gå. Du kan også velje di eiga rute. Gi deg god tid til å nyte utsikta på toppen .
 
 
Kjelder:
 
Meir informasjon og god beskriving av turen inkludert bilete finn du her:
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300