Turtips i Ørsta; Klovevatn og Klovetinden

 

Klovevatnet og Klovetinden

Lengde: om lag 8 km tur/retur
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 949 moh
Tid: Om lag 3,5 time tur/retur
 
Fin fjelltur som ikkje er av dei lengste eller mest krevjande i området. Passar for dei fleste.
 

Start

Ta av E39 ved Barstadvika og følg vegen innover Barstaddalen (det går bomveg på begge sider av dalen) fram til parkeringsplassen ved Barstadsætra. Hugs pengar til bomavgift!
 
Frå parkeringa ved Barstadsætra går turen innover Barstadalen på godt synleg rås. Første del av råsa frå Barstadsætra går gjennom lett skog. Etterkvart tek du av frå råsa til høgre og går mot kloven. Her kan det vere mange diffuse sauestiar, men det er lett å sjå kvar ein skal gå. Etter kvart endar du ved Klovevatnet. Frå Klovevatnet til Klovetinden er det godt synleg rås til toppen!
 
 
God tur!
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300