Turtips i Ørsta; Kalvedalen

 

Kalvedalen

Lengde: 1,5 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 365 moh
 
Kalvedalen er ein idyllisk dal med eit vatn som du kan både bade og fiske i. Det er ein lett tur som passar for dei aller fleste med ei utsikt over sunnmørsalpane som er upåklageleg.
 

Start

Frå Ørsta køyrer du mot Sæbø (RV655). Ved Høgebrua tek du av opp Follestaddalen på FV55. Du vel sjølv kva side av dalen du vil køyre. Der vegane møtast fremst i dalen går vegen vidare opp mot Standalseidet. Like før Myklebustsætra køyrer du over ei bru og vidare langs dyrkamarka.
 
Parker der vegen møter kraftlinja.
 
Følg grus-/traktorvegen eit stykke. Rett etter at vegen svingar til høgre går stien opp til venstre. Stien er bra tydeleg heile vegen opp til Kalvedalen. Hugs gode sko då det er tidvis vått terreng med glatte parti. Oppe i Kalvedalen er det fint å stoppe ved hytta. På varme sommardagar kan det nok friste med ein forfriskande dukkert i vatnet!
 
NB! Om du vil fiske, må du setje deg inn i reglane for fisking i vatn og elvar: http://www.statskog.no/fiske/Sider/Fiskekort.aspx
 
God tur!
 
 
 

 

 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300