Turtips i Ørsta; Jønshorn og Saksa

Begge er krevjande fjellturar som gir fantastisk utsikt over Hjørundfjorden.

Jønshornet (1419 moh)

Lengde: 5,2 km
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Sesong: juni-september
 
Jønshornet er ein av dei mest markerte og mest besøkte toppane i Sunnmørsalpane, og den høgste toppen i tinderekka rundt Molladalen. Toppen er også kjend som Ramoen.
 

Start 

Følg E39 mot Barstadvika (frå Ålesunds-området tek ein ferje frå Solavågen til Festøya). Følg vegen på austsida innover Barstaddalen fram til brua over Vollane, der kan du parkere bilen.
 
Frå Vollane følgjer du stien opp til Gamlestøylen (på venstre side av elva), som ligg 4-500 moh. Stien er ikkje merkt, men det står skilt nede ved vegen. Frå setra går du først nokså flatt til høgre over nokre myrar, og deretter med jamn stigning langs ryggen oppover mot Rametinden (1198 moh.) Her kan du sjå rett ned i Hjørundfjorden. Eggen mot Jønshornet ligg no framfor deg i sør. Den hevar seg som ein smal boge i fleire avsatsar. Her klatrar du oppover den bratte egga (omtrent som Besseggen) og står snart under toppen, som nærast er ein haug med steinblokker stabla oppå kvarandre. Her kan du krype opp mellom nokre steinheller som dannar eit lite hol i toppen.
 
På sjølve toppunktet er det lite plass, men du står trygt nede i ei lita gryte mellom steinane, der kan du nyte den flotte utsikta utan fare. 
 
Kjelde: http://www.ut.no
Du kan lese meir om turen og andre rutetips til Jønshorn her:  http://ut.no/tur/2.2698/
 
 

Saksa (1073 moh)

Lengde: 3 km
Høgdemeter: 1073 moh
Vanskelegheitsgrad: Krevjande
Sesong: juni-oktober

La deg ikke lure av at Saksa er en av de lågaste toppane i området. Plasseringa gjer at utsikta til fjord og fjellparti er spektakulær. Fjellet har tre toppar, der den nordlegaste utgjer det høgste punktet.

Start

Ta ferje utan bil til Leknes eller ta med bilen til Urke. Du kan starte turen både på Leknes (der ferjekaia ligg) eller frå Urke (mellom Leknes og Øye). Skal du ta turen frå Urke må du køyre eit stykke.

Frå Leknes finn du turskilt allereie frå ferjekaia og opp forbi garden. Finn traktorvegen i retning Leknesnakken. Bryt av mot nord og følg den stien som fører skrått nordover mot Leknesdalen. Derfrå er oppstiginga bratt, dels i sti og dels i steinur.
 
Frå Urke finn du ein bratt veg opp frå riksveg 655 på ytre Urke. Følg traktorvegen eit kort stykke som vil føre deg til ein sti som går i lia langs elva oppover til Leknesdalen, deretter som for start frå Leknes.

Spesielle forhold: Turen ned frå den sørlege toppen og gjennom eit smalt skar mellom sørtoppen og midttoppen kan opplevast som krevjande med noko lett klatring. Utsikta er uansett best frå sørtoppen.
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300