Turtips i Ørsta; Hovdevatnet og Pølsa til Melshornet

 

Aasentunet - Høgetua - Hovdevatnet

Total lengde: 2,7 km
Vanskelegheitsgrad: Lett
Høgdemeter: 116 moh
Tid: Om lag 1 time i roleg tempo
 
Dette er ein lett tur bak Aasentunet i Hovdebygda. Her finn du eit nettverk av stiar til både rolege turar og treningsturar.
 

Start

Mellom Ørsta og Volda på E39 tek du av til Aasentunet. Parker på parkeringsplassen ved Indrehovdevegen.
 
Ved Aasentunet. Stien startar ved eit stabbur ved utescena, sjå etter skilt til Høgetua. Gå opp bakken og til venstre når du kjem til stikrysset, følg denne stien til Høgetua. Frå Høgetua fyl du stien vidare til eit stikryss med mange skilt, følg skiltet til Hovdevatnet. Når du kjem ned til vatnet kan du følgje vasskanten til du kjem til ein sti som går opp i skogen, her er skilt til Åsen/Indrehovdeåsen. Stien går oppover ein granskog. Etter kvart kjem du opp til ein grusveg som du følgjer om lag 200 meter til du kjem til ein ny sti. Følg skiltinga til Høgetua og etter kvart kjem du til skilta sti tilbake til Aasentunet.
 
 
 
 

 

Pølsa til Melshornet

Lengde tur/retur: om lag 3 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 674 moh
 
Ein variert fjelltur med bratte og slake parti, men flott utsikt heile vegen.
 

Start

Frå Ørsta sentrum følgjer du E39 i retning Volda. Ta av mot Rystefeltet. Køyr Osborgvegen, Oklavegen og Osskarvegen. I krysset Oklavegen/Osskarvegen er det skilta mot Melshornet. Køyr til enden av Osskarvegen og fortsett til du kjem til eit Tussabygg. Turen startar ved Tussabygget.
 
Frå Tussabygget følgjer du skogsvegen eit stykke. Etter kvart ser du ein sti på høgre side. Denne kan du følgje, eller du kan gå skogsvegen til du møter kryssande sti. Stien er steinsett og hellelagd og er tørr og fin å gå på. Følg stien til du kjem til eit skilt "Pølsa". Stien er tydeleg opp bakkane til Pølsa. Turen frå Tussabygget til Pølsa er ei populær trimrute. Når du kjem ut av skogen, får du flott utsikt i mange retningar. Etter kvart ser du ei vindpølse på toppen av bakken; dette er Pølsa. Herifrå fyl du ryggen bakover mot Melshornet, hugs å nyte den flotte utsikta. Siste bakken opp til Melshornet har godt synleg sti. Det er ikkje veldig langt opp, men litt bratt.
 
 
 
 
 
God tur!
 
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300