Turtips i Ørsta; Hallehornet

 

Hallehornet

Lengde: 1,6 km
Vanskelegheitsgrad: Middels
Høgdemeter: 555 moh
 
Hallehornet er ein av fleire flotte turar i Romedalen. Dalen er 6 km lang og er fantastisk vakker. Frå Hallehornet har du flott utsikt mot mellom anna Molladalen, Masdalskloven og ikkje minst Romedalen. Du kan gå vidare langs ryggen til Middagshornet og kome net att til Barstadsætra, eller til Romedalen der du starta.

 

Start

Frå Ørsta sentrum køyrer du RV655 mot Sæbø. Køyr rett fram på FV55 mot Standal når du kjem til Høgebrua (om lag 5 km frå Ørsta sentrum)  Sjå etter skilt til Romedalen og følg bomvegen heilt til endes. Hugs bompengar (som i 2015 var kr 45,-).
 
Parker ved Steinestøylen. Her er det bra med parkeringsplassar.
 
Frå parkeringsplassen går stien like nedanfor øvste selet og vidare nokså bratt oppover lia. Det er tydeleg og god sti til du kjem opp på kanten, like før Brillevatnet. Den tydelege stien fører til Molladalen. Du skal sjå etter ein litt utydeleg sti som dreiar til venstre og i retning toppen. Om du ikkje finn stien, er det ikkje noko problem å finne fram, då er det berre å sikte seg mot toppen. Ta deg tid til å nyte den flotte utsikta på toppen!
 
 
 
 
God tur!
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300