Turtips i Ørsta; Blæja og Lygnstøylvatnet

Topptur på ski til Blæja eller spennande seter-tur under vatn!

Korleis kome seg til Norangsdalen

NORANGSDALEN ligg langs riksveg 655 mellom Hellesylt og Øye på Sunnmøre. Du kjem deg dit både via Stranda, Hellesylt, Hornindal og Sæbø (ferje til Leknes).

 

Lygnstøylvatnet i Norangsdalen

Lygnstøylvatnet har blitt ein av Hjørundfjorden sine største turistattraksjonar, og har du dykkarlappen kan det også bli av dei mest magiske. Ved vatnet ligg ei gamal seter. Ein kan skimte dei gamle seterhusa frå bilvindauget, men det spesielle er at setra ligg fleire meter under vatn, og har gjort det i over 100 år. Steinmurar etter hus, grinder og epletre der folka frå gardane Øye og Norang levde og arbeidde inntil eit voldsomt ras la området under vatn 26. mai 1908.
 
Å ta turen hit er ei flott oppleving både med og utan dykkarutstyr. Ønskjer du å dykke er det tilrådd om sommaren og hausten før snøen kjem.
 
Du kan lese meir om dykking i Lygnstøylvatnet på Volda dykkerklubb si heimeside: http://www.dykkerklubben.com/index.php/dykkemal-i-volda-orsta/14-lygnstoylsvatnet
 
 

Blæja i Norangsdalen

Utstyr: Ski som er godt eigna for topptur (Telemark, Randonnee osb.)
Tid: Berekn om lag fire-fem timar på turen
Høgdemeter: 1420 moh
 
Blæja er noko så unikt som ein relativt enkel tur, og som samtidig byr på lang nedkøyring og utsikt på høgde med dei kvassaste Sunnmørsfjella.. Turen er aldri spesielt bratt, men har enkelte parti som kan vere skredutsett ved vanskelege snøforhold. Kvitegga, nabofjellet til Blæja, er dessutan bratt og høgt. Skred herifrå kan gå langt inn mot traseen du følgjer opp eller ned frå Blæja.
 
Start
Start turen frå Villa Norangdal på Fivelstadhaugen i Norangdalen, mellom Øye og Hellesylt. Følg den markerte ryggen oppover frå parkeringsplassen ved det vesle hotellet. Her går det ein sommarsti, og seint på våren kan det vere nødvendig å gå på føtene det første stykket. Gå oppover i ryggformasjonen, først i skogen og seinare over tregrensa, i rundt 800 høgdemeter til du kjem opp på toppryggen og ser ned i Kvitelvdals-vatnet på andre sida av ryggen. Følg toppryggen der han er slakkast, over ein fortopp og opp til sjølve hovudtoppen.
 
Frå den 1420 meter høge toppen er det fantastisk utsikt utover Storfjorden og Hjørundfjorden og over mot Slogen på andre sida av Norangdalen. Nedkøyring følgjer same rute som oppstigninga.
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300